søndag 31. august 2008

Måle stua på ei helg....

.....det skulle i utgangspunktet ikkje vere det store problemet. Men, når det skal skje mens mannen er bortreist og ikkje veit noko om det, og ein sitt med eineansvaret for to små, og jobb; då kan det brått vere eit hakk verre!! Det har eg erfart dei siste dagane.... :)
Det har vore nokre seine kvelder, og lite søvn, men alt går!!
Og med supergod støtte frå alle dei herlege jentene på www.scrapbookexpress.no , er eg no snart i mål!! "Berre" opprydding, vasking og opphenging av gardiner og bilete gjenstår.

Har teke bilete gjennom heile prosessen (bortsett frå før eg gjorde noko som helst, altså eit skikkeleg "før"-bilete!!! Kor tankelaus kan ein bli?!?!?), så det kjem nok noko her etterkvart. Når eg berre blir ferdig og får tid..... :)

torsdag 21. august 2008

Velkommen til bloggen min!!

Tenkte eg fekk driste meg ut i den store blogg-verda, eg og! Men, det er altså fyrste gongen eg prøver dette, så det vert nok så som så....

Planen er å skrive litt om livet generelt, og hobbyar spesielt. Då er det vel særleg scrapping og handarbeid det vil gå i.