Så herleg!! Eg har faktisk leikt meg med litt papir att! :) :) Etter å knapt ha orka å vere inne på scrappesider på nettet, og langt mindre scrappe noko sjøl, var det godt å finne att litt scrappelyst og glede! Natt til i går fekk eg plutseleg ein ide til korleis eg skal løyse oppgåve 5 i Scrapbookexpress Grand Prix, og samtidig som det låg og "modna" i bakhovudet mens eg var på jobb i går, kom det litt scrappelyst snikande og.
Så i går ettermiddag hurtigscrappa eg to enkle layoutar frå Roma-turen mor og eg hadde i september i fjor. Den eine var bidrag til Årets Designer veke 15, og den andre til ei Påskeutfordring, også den på
Scrapbookexpress.


No kan eg og legge ut bidraget mitt til Grand Prix oppgåve 4. Der skulle vi bruke FARGAR!!! Einsfarga svart og kvitt var ikkje lov, og vi skulle ha minst 3 mønsterark i knalle fargar... Oooops...!!! Har nesten berre ark i varme jordfargar etc. Men, eg fann eit par, og jammen fann eg eitt til som passa på ein fotobutikk, så da berga eg såvidt! :) :) Layouten handlar om at eg er ein skikkelig godtemums! Smågodt, sjokolade, potetgull..., you name it!!