Ja, som eg slo fast i går, har det vore stille på bloggefronten lenge no. Men samtidig så er vel stort sett livet ved det same, så dei heilt store tinga har vel ikkje skjedd. ;)
Jentene har rukke og bli nesten 3,5 år; store og flinke, snille og ganske så trassige...! :D Ein del utfordringar dreg det med seg, og mang ei tålmodighetsprøve, men stort sett går det vel bra. Dei sprer iallefall mykje glede! :)
Ja, og så har vi jo vorte ein ekstra i familien!! ;) I juli kom nemleg den fine pusen "Postmann Pat" (og det er ein hokatt.....! ;) ) i hus! Ho er tålmodig og snill med ungane, og tek ut "aggresjonen" sin på oss to vaksne! Spesielt på nakne tær...! :D
Hausten har vore travel. Eg har kome godt i gang i den nye jobben, men det er klart at (nesten) full jobb, og to treåringar heime tek tid og krefter. Så, trass i at eg trives kjempegodt, både fagleg og sosialt, gjorde det godt med juleferie! Vi koste oss heime i ro og mak, med mykje god mat, nye leiker (ja, jentene fekk nok flest julegåver i år og!! ;) ) og ein og annan turen ut.
2010 starta som 2009 avslutta: med sprengkulde! Det var nedi i 30 minus her heime, og på Dovre var det ned på -40 grader fleire dager! Dette har gjort sitt til at det har vore mykje inneaktivitet både heime, og for ungane sin del i barnehagen.
No har heldigvis kvikksølvet krope opp på slik omtrent -6 grader; det er litt greiare! ;) I tillegg lavar snøen ned, så det er full vinter. Slik sett burde vi nok tatt ein skitur i helga, men det har nok ei kraftig forkjøling sett ein stoppar for. Vi hostar og harkar og nys heile gjengen! :-/
Men, for min eigen del skal eg vel klare å få tida til å gå med litt scrapping, tenker eg...! ;)
Ja, for etter ei laaang scrappetørke, er eg omsider i gang att!!! Eit felles "nyttårsforsett" med ei scrappevenninne om å delta på alle skissekonkurransane på Scrapbookexpress var det sparket bak eg nok trengte! :) Og ein aldri så liten scrappehandel frå Papirloftet ga den ekstra lille inspirasjonen som trengtes!
I tillegg til skissekonken, har eg og meldt meg på Årets Designer (også på dei rosa sidene), og har og eit håp om å få levert eit bidrag til kvar scrapliftutfordring der, så her er det berre å henge i! *LOL*
Eit anna lite prosjekt på scrappefronten er å få ferdig eit 8x8 album til svigermor. Det var eigentleg tenkt som julegåve, men det sette scrappesperra ein brå stopp for; så no er det heile omgjort til bursdagsgåve til midten av februar.
