tirsdag 28. september 2010

Rot....

Følgande kom frå gode Å-tulla mi i ettermiddag: "Du mamma, e rydde litt, e, så ser oss kje så godt at det æ rotot!" :))))))))

Say no more..... ;)

mandag 27. september 2010

Blog Award!

Eg har fått denne blog awarden frå Marthe!


Og sjå det koselege ho har skrive om meg og mitt: "Flotte kreasjoner også fra Gudbrandsdalen :) Liker veldig godt at hun varierer med materialbruk. Man kan liksom finne det meste på hennes LOer!"

Tusen takk, Marthe!! Anbefalar alle ein tur innom bloggen til Marthe, den er spekka med sååå mykje herleg og kreativt og lekkert! Ho tryllar fram det mest utrulege!! :))


Skal gje denne awarden vidare til 7 andre, og her kjem dei:

Merete

Ei super dame frå Hedmarken! ;) Merete lagar dei herlegaste LO'ar og beherskar eit mangfald av stilar! Både LO'ane og bloggen er ispedd Merete sine flotte foto! :)

Marit

I likheit med Merete er og Marit DT-medlem på scrapbookexpress, og det med god grunn! :) Marit tryllar fram fantastiske kreative kunstverk!

Milla

Ååå, "Milla" sine vintage- og lag-på-lag-LO'ar er nyyydelege!! :)) Ein stor inspirasjon som scrapper og DT-medlem på dei rosa sidene!

Synne

Å herleg dame frå Valdres! :) Lagar flotte LO'ar og kort! LO'ane er herlege og gledesspredande, akkurat som ho som lagar dei! :)

Anne Bente

Anne Bente er ein mester innan kortlaging!! Kvart eineste kort er som eit lite smykke! Og dama lagar også dei flottaste LO'ar!

Berit

Ei herleg Opplands-dame og ein fantastisk kortkunstnar! Eg hadde gleda av å sitte ved sidan av Berit på eit treff i fjor sommar, og eg kjem aldri til å gløyme det fantastiske handlaget Berit hadde med fargelegging av stempeltrykk!! Imponert! :))

Hanne

Eit relativt nytt bekjentskap inne på dei rosa sidene, men eg har rukke å bli imponert over Hanne sine flotte kreasjonar! Liker spesielt godt fargebruken på Hanne sine LO'ar! :)


Til slutt skal eg visst fortelje 7 ting om meg sjølv...:
1. Småsliten tvillingmamma til to travle 4-åringer
2. Busett på heimgarden min
3. Stortrives med scrapping, til trass for at eg eigentleg ikkje eig sneven av kreativitet og teft for form og farge! :)
4. Er heilt og totalt avhengig av sjokolade (og snop generelt!!)
5. Lagar faktisk ein utruleg god eplepai
6. Har hund og katt, i skjønn foreining...
7. Elsker lilla-fargar!


****
Elles er potetane oppe og trygt i hus! :)) Og det er takka vere "ho mor sjølv"! ;) Fornøgd med dagens innsats.


Tudelidu!

søndag 26. september 2010

Sundagskveld....

... og eg nyter stillheita, ein god te-kopp og titter litt på "Insp. Lewis" .

Har vore full rulle her i helga. Hatt besøk av svigerfar og sambuaren. Koseleg med besøk, og god hjelp både ute og inne! :) Skjer stadig framskritt på byggeplassen, dvs reiskapshuset. Fredag fekk vi god hjelp av ein kranførande nabo! ;)


Mi eiga forkjøling er heldigvis på vikande front, men eg fryktar at R-tulla snart er rimeleg sylta. Spent på om det blir barnehage på ho og jobb på meg i morgon. Eg har ikkje vore på jobb sidan onsdag, så det er vel strengt tatt på tide med ein tur innom att snart...! ;)

I tillegg er handa mi snart tipp topp att etter det ublide møtet med ein stor hund. *hurra* Så rett før helga mekka eg eit lite kort til den snille mamma'n min! :) Synes ho fortener ein ørliten takk for at ho alltid stiller opp. No sist då ho kom oppover forrige helg, einstendig ærend for å vere "husmorvikar" då handa mi var ubrukeleg.

Er slett ingen kortlagar, men har gjort eit forsøk på eit never-ending-card. Er IKKJE fornøgd med pynt etc, men det var begrensa kva eg tok sjansen på å putte på, med tanke på at kortet skal sendast med Posten Norge.... ;)


Har brukt Bazzill Kraft som botn, og to mønsterark frå serien "Eastern Blooms" frå Dove Craft. Ellers litt blomster, Prima bling-swirls og div metallpynt, i tillegg til nokre stempeltrykk.


Nei, tilbake til Lewis og Oxford, og så er det vel berre å gjere seg klar for ei ny veke!


Tudelidu! :)

torsdag 23. september 2010

Snufsi-snufs

Då var det berre å kaste inn handkle og ty til eigenmeldinga... Rimeleg utslått av forkjøling, feber og sikkert ein liten dose "post-penicillin-slappheit". Heldigvis siste dag av penicillin-kuren i dag.

Trur nok det blir ein roleg dag i heimen. Nytte timane jentene er i barnehagen, og kvile meg mest mogleg. Blir dårleg med det når dei kjem ramlande inn døre igjen... ;)

Tuddelidu!

tirsdag 21. september 2010

Haust = forkjølelsestid, og hurra for Amerika-pakke!!

Snørrunge med Joe Cocker-stemme... Joda, årets haustforkjøling (eller iallefall den fyrste av dei....) er offisielt i gang!
Fishermans friends, råmjølkstablettar og nypeekstrakt til tross; eg er sylta! ;)
Og jammen har gubben tendensane og! Så, i kveld trur eg nok vi skal unne oss kvart vårt vesle glas med cognac; det beste av alt som ikkje hjelper! :D


"Amerika-pakke"

eller iallefall ein konvolutt, da, med litt scrappegodis frå "over there"!

Var jo så heldig at ein av mine LO'ar vann ei utfordring hjå Paper Niche for 1,5 veke sidan, og i går kom altså premien!! :)

SWEET!!!! :D :D

Gler meg stort til å få brukt av snopet! No klør det så i fingrane at no får snart vond hand berre vere vond hand; det må scrappes!!! ;)

Ha ein kreativ og nysefri kveld! *klem*

mandag 20. september 2010

13 år....

, ja så mange år er det faktisk sidan amors piler traff! :))

Inga stor feiring av dagen, men artig og koseleg berre å vite det! No er det jo helst bryllupsdagen vi feirer istaden.



Mykje har skjedd på desse 13 åra. Verker utruleg lenge sidan vi møttes på folkehøgskulen.

Det vart forresten ein ekstra artig vri på dagen i dag, då ein av dei beste kameratane våre frå nettopp Fosen fhs dukka opp på heilt uventa besøk i ettermiddag!! :))) Var kjempetriveleg!



Ein LO eg laga på forsommaren. Passar vel i dag, som ein liten "hyllest" til min beste turkamerat og kjæreste gjennom dei siste 13 åra:


søndag 19. september 2010

Litt scrappings

med det samme eg driv på!

Her er litt av det eg har laga i det siste:




















Eit lite livsteikn herifrå....

Det går vel igrunnen ikkje så bra med denne blogginga mi.... Men, prøver til igjen! ;)

Her på Lesja har hausten gjort sitt inntog: fjellet er kledt i nydelege haustfargar, gradestokken kryp ned mot 0 om natta, gubben er på jakt både seint og tidleg og eg har sår hals! ;)

Jentene feira 4 årsdagen sin for eit par veker sidan, og i dag var vi i kyrkja sidan det var utdeling av bok til alle 4-åringane (dvs 2006-kullet). I tillegg var det tre barnedåpar, markering av 125 årsjubileum for Kjøremgrenda Misjonsforening og nattverd... Og med stor deltaking og aktivitet frå alle ungane tok det si tid! :)) Men så flinke og flotte 4 åringar, altså!!! *stolt mamma* <3
Tullene gjekk fram ein og ein då dei vart oppropt, og det var ikkje teikn til surv og blygsle! :)) Godt for ein mamma og sjå, ja!

På scrappefronten har det vore heilt stille i sommar, men er såvidt i gang att no. Fekk meg imidlertid eit svært lite frivillig avbrekk att forrige måndag, då eg vart biten av ein svær hund!! :( Så no er høgrehanda inntulla i kompress+bandasje, og ho er IKKJE god!! Så, null scrapping, og lita anna og for den saks skuld. :( Passer meg dårleg!! *grrrrr*
Snille mamma'n min er her i helga og fungerer som "husmorvikar". Ho har vaska og skrubba huset, laga mat, mole reinskjøtt, steikt karbonader og kjøttkaker, passa unger, vaska klede og varta opp!! Ho er verdt si vekt i gull!!!! <3

Vel, det var ei lita oppdatering, og så satser eg på litt meir jemnleg oppdatering framover! ;)

Tudelidu!! :))