fredag 25. februar 2011

Kortoppgåve #2 - Scrapbookexpress

Då er stemmene i runde to av kortkonkurransa på Scrapbookexpress talt opp, og eg kan legge ut bidraget mitt.

Oppgåva var å lage eit kort ut frå denne skissa. I tillegg skulle det vere monokromatisk (svart og kvitt kunne brukast i tillegg).
Og slik vart altså bidraget mitt:

Har brukt bruntoner. Bazzill-kartong, mønsterark frå Basic Grey, Magnolia-stempel (fargelagt med Promarkers), tekststempel frå Norsk Stempelblad, roser frå Papirdesign og swirlstempel frå Panduro (truuur eg). Pluss ein neve med små raindrops av ukjent opphav.
*****
Ellers er det herleg med fredagskveld!! Beste tidspunktet i heile veka!! :D
Vart arrangert kafè i barnehagen i dag, til inntekt til Forut-aksjonen. Ungane hadde bakt bollar og sjokoladekake, samt laga litt produkt for sal. I tillegg hadde dei litt "forut-varer" til sals. Vart jammen meg ny veske på ho mor... Har jo ingen frå før...! ;))
No har vi kosa oss med heimelaga pizza til barne-tv'n, og har funne helge-roa alle saman! Godt!!
Og fortsatt er det mykje igjen av helga.
Ha ein fin-fin kveld og ei fortreffeleg helg!! :)

onsdag 23. februar 2011

Telyskort og skissekonkurranse # 7

Heimedag på jentene og meg i dag. Men sidan vi likevel hadde bilen tilgjengeleg, vart det nokre småærend rundt omkring.
Men dei heilt store sprella vart det ikkje! ;)

Har gjort ferdig telyskortet til svigermor, har brukt dei nydelege "Fika"-papirene frå Maja Design. Fargane kjem desverre ikkje heilt godt fram på bildet. Ramme, tag og åpning i boksen er alle laga med ein Spellbinders die. Trur ikkje eg kan få nok av dei, når eg tenker meg om!! :))

Slenger og med mitt bidrag til Skissekonken veke 7 på Scrapbookexpress:


Ha ein fin kveld! :)

tirsdag 22. februar 2011

Hrmf!!

Liker ikkje heilt tendensane her... :( Hovudverk, "urven" i kroppen og sliten og trøytt... Ja, ja, bra det er "fridag" for jentene og meg i morgon, slik at kroppen får kvile litt! :)

Har eigentleg ein del småærend som burde vore gjort unna i morgon, men med den eine bilen godt parkert med skranten girkasse, spørs det vel om vi berre får halde oss heime. Kanskje like greit, det! ;) (Sjølv om eg så klart skulle ha vore og handla band til teljoskorta mine....!! ;) )


Mor reiste dessverre heim att i dag. så no var det attende til striskjorta og havrelefsa att... Jentene storkosa seg med eit par ekstra dagar heime, med daglege dosar vaffel og mykje kos! :)) Har lova dei at vi skal ta oss ein tur til mormor når det byrjar og bli litt meir vår i Vestfold. Togtur for berre oss jentene er som regel veldig populært! ;) (Og rimeleg slitsomt for meg...!)

Enn så lenge får vi kose oss med den fine rosebuketten vi fekk av mor i går:


Til slutt eit større bilete av korga frå forrige innlegget. Vart så lite det andre biletet.
Så, Wenche, dette biletet er spesielt for deg!! ;)))

Tudelidu og god natt! :)

søndag 20. februar 2011

Dilla på lilla.....

..... og på kort!! ;)

Ja, at eg er glad i lilla skal ikkje så mykje til å sjå... ;) Og dette viser seg ofte på LO'ane og ikkje minst korta mine. Ja, for eg har faktisk blitt hekta på kortlaging!! Og det er jo sååå kos! :)

Nokre Promarker-tusjer og mykje inspirasjon på Norddalstreffet i haust gjorde susen! :)

Og med den nyaste serien frå Maja Design, "Fika", får eg jo virkeleg boltre meg i nyyydelege lilla papirer!!! *Lykke*


Scrapbookexpress.no er det akkurat no i gang ei aldri så lita kortkonkurranse som eg berre MÅTTE vere med på! Frist for å levere bidrag nr to no i kveld, så eg kan ikkje legge ut det kortet riktig enno, men her er iallefall mitt bidrag til den fyrste runda:


Kriteriane var å bruke blonde, blomster, bling, bokark og revna papir. Kom inn så mange nyyydelege bidrag!! *Imponert*


Har også lagd eit par andre kort, her er eit "Side-step-card" som vesle syster fekk til bursdagen.

I tillegg fekk ho denne vesle korga med litt sjokolade i! ;)


Dette stempelet frå Whiff of Joy var berre sååå nusseleg, så da eg fann dette på Norddalstreffet i oktober, måtte eg berre kjøpe det! Søøøt!! :)


For nokre veker sidan hadde vi nok eit kjempetriveleg treff på Joratunet. 11-12 kreative damer i godt humør!! :D Herleg!! I tillegg til nokre LOar og eit kort, laga eg ein Post-it-blokk-holdar! Torill som hadde malen til desse! :) Takk for ein super ide, Torill!! :)
Har og laga penne-holdar, og desse står no på kontoret mitt og "pyntar" opp! :)



No i helga har eg kosa meg med eit par telys-kort, men eg må skaffe meg bånd i passande fargar, før eg får gjort dei heilt ferdige. Ikkje overraskande er iallefall det eine kortet i lilla....! ;)
Bilete kjem etterkvart! :)


I dag har det vore eit fantastisk vær her! Sol frå skyfri himmel og vindstille! :) Men så var det og 22 minus i dag tidleg!
Jentene, mormor, tante Sigrun, bestefar og eg gjekk tur i skogsbilvegen utpå dagen, og det var så fint! Jentene gjekk på ski, og dei har blitt nokre skikkelege racere på ski i vinter! :))

Eit lite stemningsbilete:

Ønskjer alle ei god ny veke! :)

Litt sidan sist....

Her er nokre av "dei kreative krumspringa" mine sidan siste oppdatering: