søndag 19. september 2010

Eit lite livsteikn herifrå....

Det går vel igrunnen ikkje så bra med denne blogginga mi.... Men, prøver til igjen! ;)

Her på Lesja har hausten gjort sitt inntog: fjellet er kledt i nydelege haustfargar, gradestokken kryp ned mot 0 om natta, gubben er på jakt både seint og tidleg og eg har sår hals! ;)

Jentene feira 4 årsdagen sin for eit par veker sidan, og i dag var vi i kyrkja sidan det var utdeling av bok til alle 4-åringane (dvs 2006-kullet). I tillegg var det tre barnedåpar, markering av 125 årsjubileum for Kjøremgrenda Misjonsforening og nattverd... Og med stor deltaking og aktivitet frå alle ungane tok det si tid! :)) Men så flinke og flotte 4 åringar, altså!!! *stolt mamma* <3
Tullene gjekk fram ein og ein då dei vart oppropt, og det var ikkje teikn til surv og blygsle! :)) Godt for ein mamma og sjå, ja!

På scrappefronten har det vore heilt stille i sommar, men er såvidt i gang att no. Fekk meg imidlertid eit svært lite frivillig avbrekk att forrige måndag, då eg vart biten av ein svær hund!! :( Så no er høgrehanda inntulla i kompress+bandasje, og ho er IKKJE god!! Så, null scrapping, og lita anna og for den saks skuld. :( Passer meg dårleg!! *grrrrr*
Snille mamma'n min er her i helga og fungerer som "husmorvikar". Ho har vaska og skrubba huset, laga mat, mole reinskjøtt, steikt karbonader og kjøttkaker, passa unger, vaska klede og varta opp!! Ho er verdt si vekt i gull!!!! <3

Vel, det var ei lita oppdatering, og så satser eg på litt meir jemnleg oppdatering framover! ;)

Tudelidu!! :))

Ingen kommentarer: