torsdag 5. mai 2011

Skissedilla #110

Går visst lang tid mellom kvar oppdatering her inne.... Men, det står da til liv! Sjølv om det på nytt er heimedag pga sjukdom her!! Åshild-tulla driv med feber på andre dagen. Har vel ein mistanke om at det er vannkopper på gang, sidan ein god del i barnehagen akkurat har hatt det. Og har fyrst Åshild fått det, er det vel berre eit tidsspørsmål før Ragnhild er i gang og. Ser vel forresten ikkje bort frå at ho får det i det Åshild er i ferd med å avslutte.... Og da spørs det korleis det blir med 17.mai feiring om knappe to veker...! ;-/

Ja, ja, slik er det no berre. Åshild er heldigvis ved godt mot, og iallefall så langt fri for utslett og kløe. Og mens ho har liggi på sofaen og smådorma og titta litt på tv, har ho mor faktisk fått scrappa litt!!! :)))) Etter mykje scrapping i samband med scrapathon (kombinert med åleinehelg!!!) og påskeoppgåver (begge arrangert av DT på dei rosa sidene), har det igrunnen vore stillstans sidan påske.

Men, i dag har eg koooosa meg med den nye skissedilla-skissa!! Ser ikkje bort frå at eg kjem til å finne ho fram att seinare ein gong også, for eg skulle gjerne likt å scrappa den med mange små bilder. Det hadde eg ikkje tilgjengeleg i dag...

Slik vart uansett bidraget mitt:

Har brukt kvit og grøn bazzill, mist (Meadow green og Frost), restepapir frå Basic Grey, stempel frå Panduro og frå Autumn Leaves, pluss minialfa frå Cosmo Cricket, thickers frå American Crafts og ein liten bjørkekvist.


Bildene er frå ein tur i skogen. Vi jentene besøkte paps og bestefar som hogg tømmer. Jentene leika og gjekk på oppdagelsesferd, og det var veldig viktig og bære med seg størst moglege greiner. Plutseleg kjem det med fynd og klem frå Ragnhild: "Detta ha døkk vel ikkje sett før?! Ein tvilling som løfte ein så stor kvist?!" :))) Og ho hadde nok antageleg rett, for eg trur faktisk ikkje eg har sett det før!! ;))


Ha ein fin dag! Tudelidu!!

1 kommentar:

Carrin sa...

Nydelig LO fra deg her!! Tusen takk for at du deltar!