søndag 21. august 2011

Scrapbookexpress' Sommershow

Ja, no går sommaren, og også Scrapbookexpress' Sommershow heilt klart mot slutten. Ute bles og regnar det, og i kveld går fristen ut for å levere bidrag til DT's herlege sommarshow på dei rosa sidene. Hadde planar om å gjere sååå mange av oppgåvene, men det har jo vore heilt stillstans på scrappefronten i mange veker no.
Fekk riktignok laga eit par bidrag medan vi var på ferie i Ulvik, og no i helga har eg jammen meg kosa meg med bilete, papir, ink og skjærebrett!! :)) Så godt!
Helga starta med at min kjære og bofsen for til fjells på garnfiske, og jentene var hjå svigermor. Så fredagskvelden var faktisk heilt min eigen!! :) Den vart nytta til scrapping, film og smågodt! :D
Og når scrappesakene fyrst låg framme, vart det jammen litt både i går kveld og på dagen i dag og! Har faktisk laga tre LO'ar (to er innsendt til konkurransar, så dei får vente litt) og byrja på eit kort! :)

Ja, desse konkurransane... Denne veka starta ei ny konkurranse på Scrapbookexpress: "Scrappeduellen" (synes det er så bra eit namn: "Scrappe du Ellen? Ja, det gjer e!! ;) ). Var fyrst ei oppvarmingsrunde, men den fekk eg ikkje gjort, men den var heldigvis ikkje "obligatorisk". Men før helga kom fyrste ordentlege oppgåva, og den har frist på tysdag. Visste at om eg skulle få tid til ho, måtte eg gjere det i helga. Så, det var vel eigentleg den som fekk meg i gang att! Takk for det!! ;)

Men, attende til Sommershowet. Slik vart mine tre bidrag:
Denne LO'en hadde følgjande kriterie: Bileta skulle vere av natur eller bygningar, det skulle vere med minst to tag'ar og det skulle vere ei ramme av eit eller anna slag der.
Bileta er frå Peterskyrkja i Roma, frå turen mor og eg hadde for tre år sidan. (Herlighet! Tre år?!?!? Kor blir tida av?!?!???)

Her skulle vi lage ein LO eller eit kort ut frå ei skisse. Og eg laga altså denne LO'en av tullene som sitt og kosar seg med kvar si bok.

Til slutt vart det denne "raringen", der oppgåva var å lage ein LO med humor... Ikkje berre enkelt å vite kva andre synes er humor, men eg drog iallefall på glisebandet av denne bølingen med kyr som tok ein titt på bilen vår på setra i sommar. Og tittelen måtte jo berre bli noko med møøø, og da vart det altså Møøøkkabil! ;) Stakkars hurken!! ;)

I ettermiddag baka jentene og eg kjempegode kveitebollar (oppskrift frå Schakenda! Anbefalast!!!), så no har vi kosa oss med nystekte bollar og kakao til kvelds. Joda, hausten har og sine gode sider! ;)

Ha ein fin sundagskveld, og ta vare på kvarandre. Rørande bilete frå nasjonal minnemarkering i Oslo i dag. Kongen si tale fekk fram tårene att. Godt å vere saman med dei kjæraste no.


1 kommentar:

Synnøve sa...

oi så flink du har vært i sommer :)) virkelig lekker scrapping asså !! :D tusen takk for titten Ha en strålende herlig kveld