mandag 27. september 2010

Blog Award!

Eg har fått denne blog awarden frå Marthe!


Og sjå det koselege ho har skrive om meg og mitt: "Flotte kreasjoner også fra Gudbrandsdalen :) Liker veldig godt at hun varierer med materialbruk. Man kan liksom finne det meste på hennes LOer!"

Tusen takk, Marthe!! Anbefalar alle ein tur innom bloggen til Marthe, den er spekka med sååå mykje herleg og kreativt og lekkert! Ho tryllar fram det mest utrulege!! :))


Skal gje denne awarden vidare til 7 andre, og her kjem dei:

Merete

Ei super dame frå Hedmarken! ;) Merete lagar dei herlegaste LO'ar og beherskar eit mangfald av stilar! Både LO'ane og bloggen er ispedd Merete sine flotte foto! :)

Marit

I likheit med Merete er og Marit DT-medlem på scrapbookexpress, og det med god grunn! :) Marit tryllar fram fantastiske kreative kunstverk!

Milla

Ååå, "Milla" sine vintage- og lag-på-lag-LO'ar er nyyydelege!! :)) Ein stor inspirasjon som scrapper og DT-medlem på dei rosa sidene!

Synne

Å herleg dame frå Valdres! :) Lagar flotte LO'ar og kort! LO'ane er herlege og gledesspredande, akkurat som ho som lagar dei! :)

Anne Bente

Anne Bente er ein mester innan kortlaging!! Kvart eineste kort er som eit lite smykke! Og dama lagar også dei flottaste LO'ar!

Berit

Ei herleg Opplands-dame og ein fantastisk kortkunstnar! Eg hadde gleda av å sitte ved sidan av Berit på eit treff i fjor sommar, og eg kjem aldri til å gløyme det fantastiske handlaget Berit hadde med fargelegging av stempeltrykk!! Imponert! :))

Hanne

Eit relativt nytt bekjentskap inne på dei rosa sidene, men eg har rukke å bli imponert over Hanne sine flotte kreasjonar! Liker spesielt godt fargebruken på Hanne sine LO'ar! :)


Til slutt skal eg visst fortelje 7 ting om meg sjølv...:
1. Småsliten tvillingmamma til to travle 4-åringer
2. Busett på heimgarden min
3. Stortrives med scrapping, til trass for at eg eigentleg ikkje eig sneven av kreativitet og teft for form og farge! :)
4. Er heilt og totalt avhengig av sjokolade (og snop generelt!!)
5. Lagar faktisk ein utruleg god eplepai
6. Har hund og katt, i skjønn foreining...
7. Elsker lilla-fargar!


****
Elles er potetane oppe og trygt i hus! :)) Og det er takka vere "ho mor sjølv"! ;) Fornøgd med dagens innsats.


Tudelidu!

2 kommentarer:

Milla sa...

Så koselig Ellemelle - tuuusen takk :)) Så får du titte innom meg en tur igjen, måtte bare ;o) Ha en herlig helg! Klem

Wenche sa...

Hei!
Så du var usikker på form og farge. Slå deg med på palettoppgaven på Kreative Krumspring. Der finner du både farger og skisse
Hadde vært moro å se hva du fikk til der