søndag 26. september 2010

Sundagskveld....

... og eg nyter stillheita, ein god te-kopp og titter litt på "Insp. Lewis" .

Har vore full rulle her i helga. Hatt besøk av svigerfar og sambuaren. Koseleg med besøk, og god hjelp både ute og inne! :) Skjer stadig framskritt på byggeplassen, dvs reiskapshuset. Fredag fekk vi god hjelp av ein kranførande nabo! ;)


Mi eiga forkjøling er heldigvis på vikande front, men eg fryktar at R-tulla snart er rimeleg sylta. Spent på om det blir barnehage på ho og jobb på meg i morgon. Eg har ikkje vore på jobb sidan onsdag, så det er vel strengt tatt på tide med ein tur innom att snart...! ;)

I tillegg er handa mi snart tipp topp att etter det ublide møtet med ein stor hund. *hurra* Så rett før helga mekka eg eit lite kort til den snille mamma'n min! :) Synes ho fortener ein ørliten takk for at ho alltid stiller opp. No sist då ho kom oppover forrige helg, einstendig ærend for å vere "husmorvikar" då handa mi var ubrukeleg.

Er slett ingen kortlagar, men har gjort eit forsøk på eit never-ending-card. Er IKKJE fornøgd med pynt etc, men det var begrensa kva eg tok sjansen på å putte på, med tanke på at kortet skal sendast med Posten Norge.... ;)


Har brukt Bazzill Kraft som botn, og to mønsterark frå serien "Eastern Blooms" frå Dove Craft. Ellers litt blomster, Prima bling-swirls og div metallpynt, i tillegg til nokre stempeltrykk.


Nei, tilbake til Lewis og Oxford, og så er det vel berre å gjere seg klar for ei ny veke!


Tudelidu! :)

1 kommentar:

Marthe's kreasjoner sa...

Hei Ellen!

På bloggen min finns en liten sak til deg som du kan komme å hente om du vil:)