mandag 29. juni 2009

Lenge sidan sist.....

..... har vore rimeleg labert på blog-fronten ei stund, ja...! Har i det heile tatt vore lite aktiv på nett, og ikkje minst med scrapping. Men, etter eit kjempekoseleg Forumtreff på Stange, fann eg att litt inspirasjon! :)

Har ikkje tid til å skrive noko særleg no, men ville berre få slengt inn ein LO av Ragnhild-tulla mi. Er eit enkelt bidrag til Scrapping the music - på norsk -bonusoppgave.

søndag 19. april 2009

Skissedilla #3 -"Pokerfjes"

Grunna mi vesle scrappetørke, fekk eg ikkje laga noko bidrag til dei fyrste skissene i den nye Skissedilla-bloggen, men no har eg omsider fått rota saman mitt fyrste bidrag! :)

Her er altså mitt forsøk på skisse #3:

Bildet viser storebror og far for ca 35 år siden. Han skal tidleg krøkast som god kortspelar skal bli!! *lol* Synes storebror med sine store uskyldsblå auger må ha det perfekte pokerfjes på det bildet!! :)
Bakgrunnsarket er BazzillCraft, og dei blå mønsterarka er frå 7gypsies. Mulberry-blomster frå Papirloftet og ellers litt diverse stæsj!

No må eg ut i det fine (men dog kalde!!) vårværet!!
Ha ein strålande søndag, alle saman!! *klem*

torsdag 9. april 2009

Eg har scrappa igjen!!!! Hurra!!!

Så herleg!! Eg har faktisk leikt meg med litt papir att! :) :) Etter å knapt ha orka å vere inne på scrappesider på nettet, og langt mindre scrappe noko sjøl, var det godt å finne att litt scrappelyst og glede! Natt til i går fekk eg plutseleg ein ide til korleis eg skal løyse oppgåve 5 i Scrapbookexpress Grand Prix, og samtidig som det låg og "modna" i bakhovudet mens eg var på jobb i går, kom det litt scrappelyst snikande og.
Så i går ettermiddag hurtigscrappa eg to enkle layoutar frå Roma-turen mor og eg hadde i september i fjor. Den eine var bidrag til Årets Designer veke 15, og den andre til ei Påskeutfordring, også den på Scrapbookexpress.


No kan eg og legge ut bidraget mitt til Grand Prix oppgåve 4. Der skulle vi bruke FARGAR!!! Einsfarga svart og kvitt var ikkje lov, og vi skulle ha minst 3 mønsterark i knalle fargar... Oooops...!!! Har nesten berre ark i varme jordfargar etc. Men, eg fann eit par, og jammen fann eg eitt til som passa på ein fotobutikk, så da berga eg såvidt! :) :) Layouten handlar om at eg er ein skikkelig godtemums! Smågodt, sjokolade, potetgull..., you name it!!

tirsdag 7. april 2009

Og sånn går no' dagan....

Lenge sidan siste oppdatering herifrå. Har vore dårleg med motivasjon og inspirasjon både til å scrappe og blogge dei siste vekene. Men, håper det kjem seg att, og det litt kjapt! :) Scrappelysta har jo vore heilt fraværande, og det nytter jo ikkje med alle dei flotte oppgåvene og utfordringane som ligg rundt omkring!!

Det er altså tysdag i påskeveka alt. Har ikkje tatt heilt ferie enno, men kjenner det blir godt med nokre dagar fri snart. Flott påskevær så langt, men dei melder visst dårlegare seinare i veka, når eg skal ha ferie... *grrrr* Ja, ja, været får ein vel ikkje gjort noko med.
Litt kaldt i natt og i dag, men det har faktisk vore over 0 nokre netter i helga, så siste veka har det smelta ein heil del snø og is. Så nå er heile verandaen berr og tørr, og er tatt i bruk! :D Herleg!!! :D

Før scrappelysta forsvant totalt, fekk eg då rota saman eit bidrag til Scrapbookexpress Grand Prix, runde 3, og eit bidrag til Årets Designer, veke 13, også det på dei rosa sidene.

GP#3-oppgåva gjekk på distressing. ALT vi putta på layouten skulle vere distressa på eit eller anna vis, og vi skulle bruke minst 3 ulike distressing-teknikkar. Eg scrappa eit par gamle bilde av mormor og morfar (mor er og med på det eine bildet). Ganske fornøgd, sjøl om såklart ser ein del eg burde endra. Iallefall artig å lage denne, så eg trur kanskje eg skal finne fram edge scraperen, neglefila og distress ink'n ein kveld, og sjå om ikkje scrappelysta kan lokkast fram att! :)

ÅD#13-oppgåva var å bruke minst 3 ulike chipboards på ein LO. Eg har brukt chipboard-bokstavar i overskrifta, ein swirl og ein nøkkel, pluss nokre rundingar i eine hjørnet. Bildet er av meg og tullene på setra i fjor haust. Flotte fargar i fjellet, og eit så som så forsøk på å gjenspeile dei i LO'en....!! *lol*

Då gjenstår det berre å ønske alle saman ei riktig GOD PÅSKE!!!!

torsdag 26. mars 2009

Grand Prix #2 pluss litt til

Heisann!
Sola skin frå blå himmel og fuglane syng..., men det ville vel vere ein overdrivelse å kalle det vår! Heilt kvitt ute enda, og kaldt. 14 minus då eg stod opp i dag.
Men, så lenge ein kan kle på seg, er det jo greit det! Jentene og eg har nytt sola og ete lunsj på verandaen i dag! Iført varmedress, lue og vottar! Ser det ikkje herleg ut?
Og kaldt ver kan og vere ei god unnskyldning for å sitte inne og scrappe litt! ;) I dag har eg gjort ferdig bidraget mitt til oppgåve 3 i Scrapbook Express Grand Prix. Kan ikkje legge ut dette på ei stund enno, men derimot kan eg legge ut bidraget til oppgåve 2 (GP#2). Men det er slett ikkje noko å vise fram, eigentleg! Er ikkje fornøgd med LO'en, men det er då i det minste artig å ha tatt vare på desse bilda, som er frå dåpsdagen min for over 30 år sidan.Layouten under her, var fyrst tenkt som bidrag til GP#2, men vart lagt på is. Trur kanskje eg angrar litt på det no. :( Men, men! Herlege fotomodeller!! :) :)
På dei rosa sidene har vi og hatt ei ny Vi-lifter-kvarandre-runde. Eg lifta albha sin nyyyydelege "Gode minner". Litt skummelt, sidan originalen er så flott, men artig å gjere eit forsøk. Bildet er av min kjære då han var ein liten søt gut! *smelt* (No er han stor og kjekk!! :D )


Då gjenstår det berre å ønskje alle ein strålande torsdag vidare! Snart helg! :)

mandag 23. mars 2009

Scrapping the Music - på norsk #5

Mens jentene har sove ein liten formiddagslur, har eg hurtigscrappa eit lite bidrag til Sang #5 på Stm-pn. Sangen er "Sommerfuggel i vinterland" av Halfdan Sivertsen, ein nydeleg sang! Har valgt strofa "Ny i livet" til denne layouten.
Bildet på sjølve LO'en er igrunnen av elendig kvalitet, men det er altså tatt med ein mobiltelefon i eit halvmørkt rom! :) Det verste er at eg ikkje veit kven av jentene som er avbilda!! Men ei av dei er det, iallefall!! *lol* Bildet er tatt berre nokre få timar etter fødselen. Og grunnen til at det er brukt mobil, er at vi (blåauga som vi jo er, begge to....) var sikre på at vi kom til å bli sendt heim att, då vi drog på sjukehuset "for ein sjekk, for sikkerhets skyld".... 5 timer etterpå var vi foreldre til to nydelege jenter! Og kamera og utstyr? Jo, det stod jo att heime, regna jo ikkje med å få bruk for det!! *dunker hovudet hardt i veggen*

Er ikkje meir enn sånn passe fornøgd med LO'en, men det var da artig å få scrappa eit av dei bilda der omsider.

Den svarte Bazzillen er berre med på bildet for å gje ein roleg bakgrunn. Det gamle slitte grøne trekket på stolen LO'en låg på under fotografering, er ikkje akkurat noko å vise fram....! :) :)

lørdag 21. mars 2009

Kjempekoseleg award, og litt scrappings!

Eg har fått denne kjempekoselege awarden frå Merete/Pingvinhockey , og eg må berre sitere det ho skreiv som "begrunnelse" i bloggen sin:
"Ellemelle/EllenMarie - ei herlig jente fra snølandet Lesja, som jeg har blitt "kjent" med gjennom Scrapbookexpress. Du har en helt egen måte å formidle bildene av dine kjempesøte tvillingjenter på ! Og jeg blir så glad det kommer en ny ut-på-tur-LO fra deg:) Kjempeflott å se hvordan dere bruker naturen - sikkert fordi jeg er så vant til det sjøl ;) Og det skal bli gøy å hilse på deg under treffet på Stange til sommeren:) Og ikke minst gleder jeg meg til å se veve-prosjektet ditt ferdig!!"

:) :) Tusen, tusen takk for koselege ord, Merete!! Vart så glad og nesten litt rørt da eg las dette i går! :)

No er det altså min tur til å gje denne awarden vidare.

Sigrun - mi kjære veslesyster! Og no ein alvorleg smitta scrapper!! :) :) Veit det er litt vanskelege dagar for deg, men er veldig glad for at de trives så godt i den nye flotte leiligheta. Håper alt anna kan rette seg snart og, det fortjener du verkeleg.
Synes det er så morosamt at eg har fått smitta deg med scrappe-bazzillen, og gler meg til vi kan ha eit lite "scrappetreff"! :)

Ruffa/Renèe - eit scrappe-unikum!! Du er ein kjempeinspirasjon, og eg kan studere layoutane dine igjen og igjen, og stadig oppdage nye spennande detaljar! Og som DT-medlem på dei rosa sidene, gjer du ein kjempeinnsats for oss medlemmane! Stadig vekk kjem du med herlege utfordrande og morosamme konkurranser og oppgåver, og du stiller opp med råd og tips, same kva det gjeld! :)

Anne Bente - ei super dame frå Danmark! Samme om det er layouter, kort eller ATC'er du lager, så er det små kunstverk!! Du har et fantastisk blikk for detaljer og farger, og eg kan knapt sjå meg mett på dei fantastiske arbeida dine! Og spesielt lar eg meg sjarmere av dei nydelige layoutane med dine vakre søte barnebarn.
Håper formen din er bedre, fortsatt god bedring!

Gine - dei rosa sidene sin representant i solfylte Florida! Og mitt store, store scrappeidol!!!! Veit knapt kvar eg skal begynne....! Eg trur det må eksistere ein heilt spesiell kjemi mellom deg og papir! Uansett kva du legg ut, i blogg eller galleri, så er det kunstverk av ypperste klasse! Fargar, distressing, bilder, pynt.... alt passar 120% saman! Du lagar herlege actionfylte layoutar med dei sporty og kjekke gutane dine, og nydelege og harmoniske layoutar med den vakre jenta di!

ToneF - du lagar dei herlegaste layoutar, minialbum og ATC'ar! Dei er som friske pust i ein til tider grå kvardag! Og bilda du brukar er så knallflotte! :) Du har ein særegen stil, men samtidig har eg mang ein gong sett at du beherskar "alle"! Eg er fortsatt mektig imponert over LO'ane du laga til 7 stiler-artikkelen på dei rosa sidene!

Nina - ein mester med kamera og papir!! Bilda dine er så fantastisk flotte, uansett om det er naturbilde, eller bilde av den søte guten din. Og du gir bilda ei fantastisk flott "innramming" med dei gjennomførte layoutane dine!

Nora - dataspillende, musikkelskende superscrapper! :) Du lagar dei kulaste layouter! Friske og spreke, i herlege fargar og tøft oppsett!! Og så herleg med litt meir variasjon i tema, enn hjå oss småbarnsmødre.... *hihi* Titteles Årets Designer 2008 var velfortjent, og du gjer ein super jobb i DT!!

***********************
Har da scrappa litt den siste veka og. Her kjem eit par:

Årets Designer veke 12, der vi berre fekk bruke einsfarga kartong
Skissekonkurranse veke 11

fredag 20. mars 2009

Skissedilla

Joho!!! I dag åpna Norges første skisseutfordringblogg, Skissedilla!!! Elsker å scrappe etter skisser, så her skal eg hive meg med!! Vil anbefale alle og titte innom der!

I anledning åpninga har dei ein aldri så liten blogcandy, og det seier vi da aldri nei takk til.... ;)
Har sladra til Smuti/Marit og til lillesøster Sigrun.


onsdag 18. mars 2009

Sukkertøy på Scrapping the Music - på norsk

No ligg det ute litt fristande sukkertøy på Scrapping the Music - på norsk -bloggen. Og oppfordringa som følgjer med dette sukkertøyet er kjempekoseleg! Den går nemleg ut på å besøke minst 5 bloggar frå blogglista på Stm, og legge att kommentar. Og med alle dei flotte og superinspirerande bloggane i den lista, var jo dette ei sann glede!! :) :)
Her er seks av dei eg besøkte, og som eg heilt klart kjem til å besøke igjen:
HegeAL , så mykje flott, la spesielt merke til ein herleg LO, med super målearbeid, og herleg miks av fargar og fonter! Masse inspirasjon!! :)
Lise , fantastisk flotte bilder og nydelege farger!! Stilrein nydeleg scrapping! :)
Francielle , for eit oppkomme av inspirasjon!!! *bøyer meg i støvet* Lag-på-lag-LO'ar som ein aldri kan sjå seg heilt mett på!! Og det som ved fyrste augekast kan minne om komplett kaos, høyrer sammen i ein perfekt orden og harmoni!! Skal utan tvil besøke denne bloggen mange gonger!!
Tangent , her falt eg for ein nydeleg vinter-LO, pynta med ein miks av snøkrystallar og av alle ting sommerfuglar!! Og det var berre heilt nydeleg!! Herleg!!
Cathrine , side med flotte layoutar og lekre kort! La spesielt godt merke til nokre LO'ar i nydelege duse farger! I tillegg er tydelegvis Cathrine ein racer med symaskina! :)
Ruby , åååååå!!! Alle som treng litt vårstemning, bør ile inn på bloggen til Ruby, for der er det så herlege vårbilder!! Og treng du litt sol, så er det berre å ta ein titt på bilda av dei herlege gutane hennar!! Solskinn i mengder der! I tillegg har jo Ruby nokre nydeleg og herlege layoutar liggande! Er så glad i stilen hennar, skikkeleg glad-scrapp!! :)

Ja, eg har altså kost meg stort!! :) :)

Og i dag har Stm-gjengen lagt ut sang #6, og eg gleder meg stort til å ta fatt!! :) Det er av ein eller annan grunn så inspirerande å scrappe etter musikk/sang. Eit av problema eg ofte har når eg scrapper, er å finne tittel! Passar ikkje tittelen heilt, blir eg aldri heilt fornøgd med LO'en. Sangtekstar er jo gjerne spekka med fine strofar, treffande linjer, klisjear og djupe tankar. Trur kanskje det er derfor eg har fått sansen for å scrappe etter musikk. :) Når eg les teksten, er det gjerne ei strofe som treff meg, og eg veit med ein gong kva bilde eg skal bruke osv.
Gleder meg iallefall til å gå i gang med ei ny Stm-utfordring!

Og eit ekstra pluss, som eg kom på no heilt på tampen: Det er tekster på NORSK! Eg scrapper så godt som aldri på engelsk!!
Vil heilt til slutt seie tusen takk til gjengen bak Stm-på norsk! Super utfordringsblogg med flotte oppgåver!! De gjer ein super jobb!! :) :)

tirsdag 17. mars 2009

Scrapbook Express Grand Prix # 1

Inne på dei rosa sidene er Scrapbook Express Grand Prix i full gang!! :) Nesten 60 deltakarar skal dei neste 8-9 vekene bryne seg på flotte oppgåver fra DT. Og som alle GP med respekt for seg sjøl, er det både "telefonsentral", back stage, green rom og ikkje minst scene og poengtavle! :) I tillegg deler DT ut egne jurypoeng for kvar runde.
Fyrste oppgåve var å scrappe ein cluster-LO, og det var supert!! :) Må seie tusen takk for stemmene eg fekk, både frå "publikum" og DT! *klem*

LO'en eg scrappa viser eit bilde av "eldste"tulla mi på tur. Bakgrunnsarket er frå Porcelain-serien til Basic Grey, og den grøne blomsten er faktisk ein demontert lysmansjett! :) Ellers er det thickers frå American Crafts, dymo, litt småpynt og restepapir. Eigentleg ganske godt fornøgd med LO'en. Har sansen for å scrappe litt slik "nesten-monokromatisk"! ;)

mandag 16. mars 2009

Scrapping the music - på norsk Bonus #3

Akkurat no ligg det ute ei ny bonus-utfordring på Scrapping the Music - på norsk bloggen. Utfordringa går ut på å scrappe sin favoritt vår-sang. Eg visste med ein gong at eg skulle bruke "Vårsøg" (tekst Hans Hyldbakk, melodi Henning Sommero). Det er ein av dei finaste sangane eg veit, og sjøl den flotte surnadølsdialekta er som musikk den og! :) Har derfor beholdt den originale skrivemåten i strofa eg har vald meg, nemleg "...hør kår bekkjin søng".

Ein LO om vatn burde kanskje vore blå, men det vart våren og grønfargane rundt bekken som bestemte resten! :)

Årets Designer - bidrag veke 11, skissekonk veke 10

Nok ei ny veke er i gang. Tida flyg og vi med den...!

Rakk så vidt å få ferdig eit bidrag til forrige vekes Årets Designer-oppgåve på Scrapbookexpress. Oppgåva gjekk ut på å bruke utklipp frå mønsterark og pynte LO'en med. Er satt leeeenge med skalpellen og skar ut nokre blomsterrankar frå eit Jenni Bowlin-ark (Vintage Black Wine). Bilda er jo som vanleg av mine to små. Og der var dei riktig små, berre 20 dagar gamle. Teksta er skjult, for det er ein veldig personleg LO, med mange tankar bak.

Og så har eg visst heilt gløymt å legge ut bidraget mitt til skissekonkurransa for veke 10 (også på dei rosa sidene)! Her kjem det:


lørdag 14. mars 2009

Litt scrapping og litt billedvev, og vår i lufta!

Ja, eg tør påstå at det er vår i lufta, sjøl om det er full vinter ute enda! :) Snøen ligg tjukk, men den siste veka har det vore knallflott vær, og det smeltar da litt slik smått om senn! Så herleg å høyre at det renn av taka, og at fuglane kvitrar! Var ute og måka av ein del av snøen på verandaen i dag, må jo hjelpe våren litt! :)

Men, trass nydeleg vær, har det og vorte nogre økter inne, med både billedvev og scrapping.
Billedveven eg driv med heiter "Januarsol". Mykje grått, men eigentleg eit veldig fint og stemningsfullt bilde! Er omtrent halvvegs, men heldigvis over nokre av dei verste og mest tidkrevjande partia. Og for "uinnvidde", så vev vi altså "sidelengs", så nokre av bilda under her er snudd 90 grader! :)

Ellers har eg scrappa nokre layoutar siste tida og. Ikkje alle eg kan legge ut enno, pga konkurranse, men her kjem nokre:

Eit lite forsøk på clean & simple... Ikkje fornøgd med resultatet, men eg liker bildene. Dei viser altså mine to håpefulle som leiker med gard og dyr! Ein stor aktivitet her i huset! :) Køyrer gjerne traktor med rundball for å fore dyra her, ja! *LOL*

Her er bidraget mitt til scrapliftutfordringa veke 9-11 på scrapbookexpress. LO'en vi skulle lifte var berre sååå stilig, så det var nesten skummelt å prøve, men resultatet vart da ikkje så verst, eigentleg! ;)

Kvar månad legg Design Teamet på dei rosa sidene ut herlege og utfordrande konkurransar for oss medlemmane, og i mars er temaet for månadskonken TALL. I tillegg skulle vi "klæsje" og "kline" med lim etc. No har jo talet to (2) ganske stor betydning i livet mitt, så eg scrappa ein layout nettopp om den dagen eg fekk vite at eg hadde TO små nurk i magen! :) Det er ein dag eg aldri kjem til å gløyme, men no har eg da i tillegg skribla ned korleis det var. Sirkelen var på ein måte meint å skulle symbolisere den etterkvart veldig store magen min( ja, stor i svangerskapet, altså!!! :) :) ), men fekk det ikkje heilt til, slik eg hadde tenkt det.


Ja, ja, det var litt av det eg har pusla med siste tida. No er det laurdagskveld og tippeliga-kamp på TV.... Oh lykke.... ;) Blir film på DVD, ja!! :)

Ha ein flott laurdagskveld alle saman!! *klem*



søndag 8. mars 2009

ÅD veke 10 og litt nytt på jobbfronten....

Oppgåva i Årets Designer veke 10 på scrapbookexpress var å bruke papirfletting på ein LO. Eg fletta likesågodt eit heilt bakgrunnsark. Brukte tre ulike mønsterark (Wassail-serien til BG).
Har ikkje blitt mykje scrapping i det siste. Har skjedd litt mykje på heime-/jobbfronten... Jepp, har vore på intervju og fått meg ny jobb!! :) Veldig artig, og grusomt spennande og skummelt!! Meir info kjem seinare! ;)

I tillegg har billedveven tatt mykje tid den siste veka. Fekk virkeleg inspirasjon på vevkurset sist tysdag, så denne veka har eg vevd både seint og tidleg. Går jo ikkje akkurat fort, men ser da at det går framover! Skal knipse nokre bilde og legge ut her i morgon, må berre få festa ca 50 trådendar fysst.... :-/

Men, i dag har eg prioritert scrappinga att!! Og laga ikkje mindre enn 3 layoutar!! :) :) Ein var bidrag til denne vekes skissekonk på dei rosa sidene, og ein var bidrag til den fysste oppgåva i Scrapbookexpress Grand Prix. Desse kjem det bilde av etterkvart....

Den tredje var eit hurtigscrappa forsøk på c&s-scrapping. Gjorde om på den eit par gonger, men den vart aldri som tenkt. Bilde kjem i morgon, når det er dagslys å knipse i! :)

mandag 2. mars 2009

"Lunsj i det fri" og "Et kyss for fotografen"

Eit par nye layoutar. Felles for dei begge er, ikkje overraskande, Basic Grey! :) Den fyrste består av ark frå Wassail-serien, og den andre frå Bittersweet-serien.

På denne har eg brukt "Puffy - Chit Chat"-thickers frå American Crafts. Dei er berre så stilige!! :)

Denne LO'en brukte eg som bidrag til Månedens Sponsor på Scrapbookexpress. Oppgåva var å bruke produkter som er å finne i butikken på scrapbookexpress no (eller i februar, da!). Og det passa jo godt, sidan eg akkurat hadde bestilt ei pakke frå der, dagen før oppgåva vart lagt ut!! :) Blant anna hadde eg altså bestilt nokre av dei rålekre Bittersweet-arka. Ideen med hjerteramma har eg lånt frå ei av skissene til Beggahuna .
Og bildet?? Jo, det skulle vel vere meg og den bedre halvdelen på kyrkjetrappa! ;)

søndag 22. februar 2009

ÅD-8, lift og skissekonkurranse på Scrapbookexpress

Vart da så vidt litt scrapping denne veka og. Litt travelt om dagen, så eg får ikkje scrappa på langt nær så mykje eg vil, men... ;)
Som vanleg er det ulike utfordringar på scrapbookexpress som "sørger" for produktiviteten! :)

Årets Designer veke 8:
Denne veka skulle vi bruke spesialpapir, altså papir som ikkje er kartong eller mønsterark. Eg har brukt bølgepapp, bokside, håndlaga papir og eit papirblonde-hjerte. Bildet er av tullene, ca 4 mnd gamle.

Vi-lifter-kvarandre:
Frå tid til annan arrangeres det lifte-rundar på dei rosa sidene. Då skal alle som melder seg på, lifte ein av dei andre på lista (person blir bestemt, men LO'en ein skal lifte vel ein sjøl). Eg var så heldig å skulle lifte Charlotte, som har så lekre og flotte LO'ar i galleriet sitt! Valgte meg LO'en "Stilhed", og slik vart mitt resultat.

Skissekonkurranse veke 7:
Denne var vrang!! Og resultatet vart deretter! :-/ Men eg håper at eg med denne kanskje omsider kan komme igang med Roma-bildene frå i haust!

mandag 16. februar 2009

Papirfletting resulterte i "morslykke"...!! :)

I heile februar feirer vi som nemnt kjærleiken til scrapbooking på Scrapbookexpress, gjennom Share the Love. Kvar dag legg Marit ut litt inspirasjon, og ein dag la ho ut ein LO kor ho hadde brukt papirfletting. Sterkt inspirert av den, eksperimenterte eg meg fram til denne saken i helga:
Bildet visre meg og tullene på 28 års dagen min, då jentene var knapt 1,5 mnd gamle.

I tillegg til papirflettinga, har eg jo og fått brukt min nye kjære Dymo!! :) :)


Ha ei flott veke!!

fredag 13. februar 2009

Lag-på-lag med ruffa, og ÅD veke 7

I går kveld arrangerte ruffa/renee eit supert online-kurs på scrapbookexpress. Der skulle vi lage ein skikkeleg "ruffa-LO"! Altså type lag-på-lag. Ruffa hadde laga eit utførleg steg for steg forklaring med bilde til, og snill som ho er, var ho til disposjon heile kvelden! :)

Dette er ein uvant stil for meg, men det var frykteleg artig å prøve! Og det skal heilt klart bli fleire forsøk på dette! No skal det sparast, og så handlast inn store mengder maling, ink, glitter og store frodige blomster!! Og bling... og og og...... :) :)

Vart vel berre slik passe fornøgd med LO'en, vart liksom ikkje så ruffa som eg ville! ;) Men, her er den no uansett:
























Vekas oppgåve i Årets Designer (også på scrapbookexpress) var å bruke stempler. Tja, stempler har eg da, men noko særleg til å bruke dei...??!?? Kan vel ikkje påstå det, akkurat... Men eit enkelt bidrag vart det da....

onsdag 11. februar 2009

"Livet er herlig" og ein liten pip-pip!

Vart lite scrapping forrige veke, men eg rakk med eit nødskrik skissekonkurransa på scrapbookexpress. Var ei stilig skisse, men resultatet vart altså ein hurtigscrappa enkel LO. Bildene er altså frå den flotte skituren for eit par veker sidan.



Hadde og så store planer om å scrappe nokre bidrag til Animal Book / Dyreliv-konkurransa dette året, men trass ein heil måneds frist, rakk eg altså ikkje å gjere ferdig bidraget til årets fyrste runde... *svime* Men, eg gjorde den ferdig eit par dagar etterpå, da!

Vi har altså hatt fast besøk av dompap på brettet i heile vinter, og dei er studert og fotografert! :) LOen er scrappa i 6x12-format, noko eg vanlegvis ikkje bruker. Men det er jo eigentleg eit kjempestilig og artig format å scrappe!! Må nok bli nokre fleire av dei!!


Ellers kan eg informere om at gradestokken viste -23 grader i dag tidleg! Kaldt nok, det! :)
Ha ein strålande dag!



torsdag 5. februar 2009

Skissekonk-LO og litt gavmildheit! :)

Eg var ein av tre heldige vinnarar av ein "gi-det-vidare"-tråd på bloggen til Nora. No skal snille Nora sende meg ein liten ting i posten (gleder meg!! :) ) Men det mest trivelege med dette, er at eg skal få lov til å gje noko vidare til tre andre!! Kanskje det blir deg?? Det eineste du treng å gjere, er å vere ein av dei tre fyrste personane som legg att ein kommentar her! Desse tre vil altså få ei lita helsing frå meg i posten! :)
Reglane har eg kopiert, og dei kjem her:
"THE RULES: The focus of this is to do an act of kindness without expecting anything in return other than that the recipient will, in their turn, pass the kindness along and "pay it forward." I will send a small, fun gift to the first 3 bloggers who post a comment on this entry. In turn, those three will post this information and pick 3 people they want to send something to and then the game will continue!! The little something you send can be something you made, bought, were given or found, anything you want!! Just a gift that will make the person's day!!If you are interested in participating, be one of the first 3 bloggers to leave a comment!! You have to promise that you will then post about this on your blog, link back to me, and then send something to the first three people who sign up to play along through your blog."

Ja, det var vel ikkje så vanskeleg?? Altså: dei tre fyrste som legg att ein kommentar her, og skriv at dei vil vere med på denne, "vinn"! :)


*******

Fekk scrappa eit lite bidrag til forrige vekes skissekonkurranse på Scrapbookexpress og. Ville scrappe ein LO om mine næraste og kjæraste. Papira eg har brukt er frå Basic Grey og Prima. Er glad i å bruke grønt, og her vart det stort sett berre grønt! Ispedd litt kvitt, da! ;)


tirsdag 3. februar 2009

Årets Designer veke 5 og 6 - ScrapbookExpress

Koser meg stadig med dei flotte ÅD-oppgåvene Marit på ScrapbookExpress kjem med! Oppgåvene kjem kvar måndag, og etter at eg hivde meg med på dette, har måndagane blitt litt bedre! :) Alltid noko å glede seg til og sjå fram til.

Forrige veke, veke 5, var oppgåva å bruke snakkeboble(r) på ein LO. Pga sjukdom mm, vart det ein riktig hurtigscrap på søndags ettermiddagen, etter skitur og middag. ;) LO'en handlar om dei to små trolla mine, som uansett kor stuptrøtte dei er, ikkje vil sove på dagtid lengre.... Men du verden så flinke som dei er til å endevende heile rommet sitt....! :)


Oppgåva for veke 6 vart altså lagt ut i går, og *sjokk*, eg har alt gjort den!! :) Oppgåva var å bruke knappar. Vart så inspirert av Share the Love 2.feb, der vi skulle bli inspirert av Triurine sine kjempestilige og flotte "knappe-LO". Treng vel ikkje å si at denne handler om min kjære. Tittelen er vel brukt opp og ned og i mente, men det er vel ikkje utan grunn. ;)


Ellers er vi altså rimeleg oppegåande att, etter influensa og bihulebetennelse! :) :) På søndag orka vi berre ikkje å sitte inne og sjå ut på finværet lengre, så då hivde vi ski og pulk og oss sjølve i bilen og drog til fjells. Vart tur på setra! Og sjekk det været!! Skulle tru det var påske! :)


Ha ei riktig fin veke, alle saman!! *klem*

lørdag 31. januar 2009

Nokre nye LO'ar ++

Hei og god laurdag!
Her er det nyyydeleg vær i dag! Kaldt og knall sol frå skyfri himmel!! :)
Og eg sitt altså inne.... :( Influensaen heng såpass i enno, at eg og jentene held oss inne. Etter alt det uværet som har vore sidan nyttår, er det passe kjedeleg å måtte vere inne når det omsider er så knallfint vær ute. Men, men, får nytte tida til klesvask og scrapping! ;)

Har ikkje fått scrappa så mykje denne veka pga sjukdom, men ørlite grann har det da vorte. Tre bidrag til ulike utfordringar på Scrapbookexpress.

BOM-Januar.
Her skulle vi scrappe eit nyttårsforsett. Har vanlegvis ikkje slike forsett, men når DT utfordrar, så.... ;) Har lenge hatt dårleg samvittighet for alle kokebøkene som berre står til pynt og aldri vert brukte. Mitt nyttårsforsett for 2009 er derfor å lage noko "nytt" med utgangspunkt i ei av dei mange kokebøkene, minst to gonger pr mnd.

Har gjort eit ørlite forsøk på color blocking, men med varierande hell. Men, det er da greit å sjå at det er store rom for forbedring! Hadde jo vore kjedeleg å vore heilt utlært med ein gong!! :D

PS: Ikkje spør korleis det har gått med nyttårsforsettet så langt.... *rødme*
Skissekonkurranse veke 4.
Har brukt dei siste storfene frå sangen "The Rose", best kjent med Bette Midler.


Scrapliftutfordringa veke 3-5.
Denne var vrang altså!! Bilder på skakke, mykje maling og røffe detaljer, og mykje pynt eg ikkje har!! Godt utgangspunkt! ;) Og når ein plusser på litt feber og bihulebetennelse i sluttspurten, så vert det jo riktig bra!! Bildene viser altså mine kjære små som et pannekaker med blåbærsyltetøy. Ein av dei store favorittane!! Da et dei med heile fjeset!


Vel, det var ei lita oppdatering herifrå. No må eg prøve å få scrappa litt!! :) :)

fredag 30. januar 2009

Share the love!!

I heile februar skal vi feire og dele kjærleiken på dei herlege rosa sidene (Scrapbookexpress, for uinnvidde... ;) ). Nærmere bestemt kjærleiken til verdas beste hobby / livsstil: scrapping, så klart!
Då eg byrja å scrappe for ganske nøyaktig 1 år sidan, trudde eg eigentleg ikkje at dette var noko for meg. Null teft for form og farge og med kreativitet som eit respatexbord, såg eg vel ikkje for meg den heilt store kjærleiken!! :) Men, så feil kan ein altså ta!! Eg simpelthen ELSKER scrapping!!! :) :) :) Så, uansett om du i utgangspunktet trur dette kan vere noko for deg, eller ikkje. PRØV!!! Dette er ein hobby som passar alle!

Og treng du inspirasjon, eller det er noko du lurer på, har eg eitt godt råd: Meld deg inn på scrapbookexpress.no! Her finn du eit overdådig og alltid inspirerande galleri, og ikkje minst ein stor gjeng herlege damer!! Eit godt sted å vere, enkelt og greitt! :)


I samband med "Share the Love", ligg det no ute ein lekker blogcandy der. Sjekk dette snopet:

Det er med andre ord ingenting å vente på: Sjekk ut dei rosa sidene ASAP!! :)

tirsdag 27. januar 2009

Glade jul! og hurra for Basic Grey!!

...... Ja da, veit at vi nærmar oss februar...!! Men, i helga har eg storkosa meg med julepapir og julebilde. Synes bilda i frå julekvelden er så rotete og vanskelege å scrappe, men bestemte meg for at eg SKULLE gjere det!! Og med dei nyyyydelege arka frå Wassail-serien il Basic Grey, hadde eg strengt tatt inga unnskyldning for å la vere heller!
Men, litt enkelt må det jo vere lov å gjere det, så eg hurtigscrappa eit par 12x12 LO'ar med tilsaman seks bilde frå julekvelden. I tillegg laga eg ein "LO" til å oppbevare alle dei koselege julekorta vi fekk, i. Til jul i år skal eg heilt klart lage ein slik ein på førehand, og henge opp, og putte korta nedi etterkvart.




Og som om ikkje dette var nok, ligg det no ute ei produktutfordring frå DesignTeamet på Scrapbookexpress . Og det gjeld nettopp Basic Grey! Oppgåva er ganske enkel: Scrap en LO eller noko anna, kor minst 50% av produkta er frå BG. LOVE IT!!!!!!!!! :) :) :) Begge dei to jule-LOane kvalifiserer så absolutt, for der er det nesten 100% BG!! hi hi!! Men, det var ein annan ein eg la inn som bidrag til utfordringa. Denne viser min kjære då han var ein liten søt gut! ;) God da!! :)


Alle papira på denne er fra Wassail-serien, og spesielt det bakgrunnsarket ("Snow Storm") synes eg er sååå fint! Bokstavane i tittelen er og BG, frå "Two Scoops"-serien. I tillegg er det litt Magic Mesh, ein tekstboks frå Ladybug and friends og ein chipboardbokstav kledd med Bazzill.

I grunnen godt fornøgd med denne. Likte at mange av fargane i bilde gjekk att i arka, og så kunne eg bruke den blå farga frå lua på tittel, chipboardbokstaven og brads. Som avslutning har eg sydd rundt heile LOen med symaskina mi. Ville egentleg bruke raud sytråd, men det var tomt etter at eg hadde sydd julekort-LOen!! :) Og tålmod eig eg ikkje, så då var det berre å bruke noko anna!! Kunne jo ikkje vente til eg fekk kjøpt ny sytråd....! ;)