tirsdag 8. november 2011

"Howdy! It is two new sheriffs in town"

I november er "Utkledning" månedens scrappetema inne i Scrappeland.

Og slik vart mitt bidrag:


Bildet er frå karneval i februar. Søte sheriffar!! ;)
Litt dårleg bilde av LOen (forbaska mørketid....), fargane kjem ikkje heilt godt fram.

søndag 6. november 2011

Nokre julekort og ei julepostkasse!

Sjølv om været ikkje vitner om det, så nærmer det seg faktisk adventstid og etterkvart jul. Ute er det regn, skodde og 6-7 plussgrader?!?  Greit, eigentleg...! ;)

Men, kalenderen viser altså like fullt november, og i haugane med scrappesaker og papir, stikk det fram nydelege julepapir som berre MÅ bli brukt!! :))
Så, i helga har eg faktisk produsert nokre julekort. :)  Har eit par til på lur, som ikkje er heilt ferdige enno. Og enda fleire skal vel sikkert lagast og! ;)





Og så må eg vise fram Julepostkassa eg lagde på Norddalstreffet!!  Tuuusen takk til Heidi Søbakken som holdt kurset, og som hadde skore ut og stempla opp og gjort ein kjempejobb i forkant av kurset!!! :)


*****
Tudelidu!!

søndag 30. oktober 2011

Skissedilla #134 + eit "skuffekort"

Her er mitt bidrag til vekas herlege skisse inne på Skissedilla.
Har brukt kvit Bazzill (what else is new... ;) ), mist og restepapir.


Ellers har eg prøvd meg på eit såkalla "skuffe-kort" i helga. Fekk tips om ein super tutorial her: http://merethesscrapperier.blogspot.com/2011/10/steg-for-steg-skuffekort-totourial.html !
Ikkje verdens finaste fargar etc, men denne er vel strengt tatt å rekne for ein "prøveklut". ;)
Artig var det iallefall! :)
Skuffekortet bruker eg som bidrag til sponsorutfordringa inne på Scrappeland! Og i Scrappeland har det vore "offisiell opning" i dag!!! :))))) HURRA!!!!! :)))

Ellers ein roleg søndag her i heimen. Husbonden er på jakt, siste dag i elgjakta i dag, så dei skal nok drive på så lenge dei kan! ;)

Tudelidu!!




fredag 21. oktober 2011

På flyttefot....

Ja, det høyres vel strengt tatt litt meir "alvorleg" ut enn det er, men samstundes så er det jammen meg alvorleg nok for oss det gjeld!!
Flyttinga inneber heldigvis ikkje pakking av alt i hus og heim og heller ikkje endring av postadresse. Men, endring av nettadresse, derimot...!! Og korleis det vert med statsborgarskap er eg neimen ikkje heilt sikker på..! ;))  Jepp, eg er i ferd med å flytte inn i eit heilt nytt land; Scrappeland.no!! :)))))

Dei rosa sidene skal, etter 8 år, dessverre leggast ned ved nyttår. Det har jo vore "min andre heim" sidan februar 2008, så det er ikkje fritt for at nedlegginga er både trist og litt "skummel". Ikkje minst har både eg og andre lurt på kor i all verda vi skal gjere av oss!  (Ja, må berre ikkje tru anna enn at dette er alvor!!)
Men, det finnes jo så mange herlege og kreative sjeler der ute, og trur de ikkje at nokre av dei rosa damene, med Scrappegal Sørlending (med følge! ;) )i spissen, har komme oss til unnsetning?!???
Den 30. oktober er det offisiell opning av det heilt nye Scrappelandet!! :))  Men alt no er det mogleg å registrere seg og gjere seg kjent med alle dei supre innbyggerane der!  Det har eg gjort, og det anbefaler eg DEG og gjere og!! :))


Så, da ser eg deg vel snart i Scrappeland?? ;)  Bra!!

lørdag 1. oktober 2011

Eg vann!!!!!

Ja, eg vann faktisk heile Scrappeduellen på Scrapbookexpress!!! :) :) :) :)

Eg er heilt overvelda over alle stemmene eg fekk!!  Gjett om dette var skikkeleg inspirasjon for å scrappe meir, da?!? ;))  Etter tilnærma tørke i sommar, er verkeleg scrappelysta på tur attende no, ja! :)

Her er finalebidraga mine:
Oppgåve 1 var å scrappe ein LO om meg sjølv i 2011, med eitt eller fleire bilete av meg, minst 50 ord med tekst og så skulle vi ha med noko rosa.


Oppgåve 2 var å scrappe ein Clean & Simple-LO, ha med farga grøn og ein dyrefigur.



****
No er det oktober, ute ligg skodda tjukk, men eg trur nok sola snart får jaga ho vekk slik at vi får en flott haustdag. Håpar iallefall det...! ;)
Uansett håpar eg hausten vil gje anledning til mang ei god scrappestund! :)


Tudelidu!

fredag 30. september 2011

Skissedilla 130 - Kuule med Kitty-solbriller

Her er mitt bidrag til vekas skisse hjå Skissedilla.

Bileta er av tullene som hadde fått nye kuuule Hello Kitty-solbriller! Vart ikkje mykje bruk for solbriller i sommar, men...

søndag 25. september 2011

Scrappeduell

Lenge sidan siste oppdatering!
Tida flyg, og jobb, heim og familie krever sitt; så akkurat scrapping og/eller bloggtid er ikkje veldig høgt prioritert om dagen.
Men, litt scrapping har det da blitt! :)  Er nemleg med på Scrappeduellen på Scrapbookexpress. Då eg skreiv forrige blogginnlegg, hadde eg akkurat laga eit bidrag til fyrste runde. Då var oppgåva ei skisse. Og slik vart mitt bidrag:

Og det gjekk faktisk ganske så bra! Så, da var det klart for neste runde. Der skulle vi lifte ein LO. Resultat:

Er ikkje fornøgd med bidraget mitt, fekk ingen heilheit i LOen. Men, faktisk så vann eg likevel duellen min, og gjekk vidare til kvartfinala!! :)

Oppgåva i den runda var å få inspirasjon frå eit bilete og å bruke blondar. Eg vart inspirert av vatn og beige duse fargar. Biletet er frå ein tur vi gjekk til Svarttjønne i sommar:


Og jammen vart det semifinale på meg og! :)))) Oppgåve: Scrappe i clusterstil, bruke minst fire sterke klare fargar og bruke minst tre mønsterark. Cluster er jo heilt klart ein av mine favorittstilar og scrappe, men eg var litt spent på om eg hadde nok fargerikt papir... ;)  Brukte fargane i biletet til å bli inspirert:


Det heile gjekk langt over mine forventningar, og det var jammen meg finaleplass på meg!! :)  Hadde ikkje drøymt om det da konkurransa starta. Akkurat no ligg finalebidraga ute til avstemning. Vi skulle scrappe to LOar kvar. Og "motstandaren" min er ingen ringare enn ruffa!!! *hjeeelp*
Uansett korleis det går, er eg såååå kjempefornøgd og glad for å ha kome så langt!!
:)))))


Tudelidu!

søndag 21. august 2011

Scrapbookexpress' Sommershow

Ja, no går sommaren, og også Scrapbookexpress' Sommershow heilt klart mot slutten. Ute bles og regnar det, og i kveld går fristen ut for å levere bidrag til DT's herlege sommarshow på dei rosa sidene. Hadde planar om å gjere sååå mange av oppgåvene, men det har jo vore heilt stillstans på scrappefronten i mange veker no.
Fekk riktignok laga eit par bidrag medan vi var på ferie i Ulvik, og no i helga har eg jammen meg kosa meg med bilete, papir, ink og skjærebrett!! :)) Så godt!
Helga starta med at min kjære og bofsen for til fjells på garnfiske, og jentene var hjå svigermor. Så fredagskvelden var faktisk heilt min eigen!! :) Den vart nytta til scrapping, film og smågodt! :D
Og når scrappesakene fyrst låg framme, vart det jammen litt både i går kveld og på dagen i dag og! Har faktisk laga tre LO'ar (to er innsendt til konkurransar, så dei får vente litt) og byrja på eit kort! :)

Ja, desse konkurransane... Denne veka starta ei ny konkurranse på Scrapbookexpress: "Scrappeduellen" (synes det er så bra eit namn: "Scrappe du Ellen? Ja, det gjer e!! ;) ). Var fyrst ei oppvarmingsrunde, men den fekk eg ikkje gjort, men den var heldigvis ikkje "obligatorisk". Men før helga kom fyrste ordentlege oppgåva, og den har frist på tysdag. Visste at om eg skulle få tid til ho, måtte eg gjere det i helga. Så, det var vel eigentleg den som fekk meg i gang att! Takk for det!! ;)

Men, attende til Sommershowet. Slik vart mine tre bidrag:
Denne LO'en hadde følgjande kriterie: Bileta skulle vere av natur eller bygningar, det skulle vere med minst to tag'ar og det skulle vere ei ramme av eit eller anna slag der.
Bileta er frå Peterskyrkja i Roma, frå turen mor og eg hadde for tre år sidan. (Herlighet! Tre år?!?!? Kor blir tida av?!?!???)

Her skulle vi lage ein LO eller eit kort ut frå ei skisse. Og eg laga altså denne LO'en av tullene som sitt og kosar seg med kvar si bok.

Til slutt vart det denne "raringen", der oppgåva var å lage ein LO med humor... Ikkje berre enkelt å vite kva andre synes er humor, men eg drog iallefall på glisebandet av denne bølingen med kyr som tok ein titt på bilen vår på setra i sommar. Og tittelen måtte jo berre bli noko med møøø, og da vart det altså Møøøkkabil! ;) Stakkars hurken!! ;)

I ettermiddag baka jentene og eg kjempegode kveitebollar (oppskrift frå Schakenda! Anbefalast!!!), så no har vi kosa oss med nystekte bollar og kakao til kvelds. Joda, hausten har og sine gode sider! ;)

Ha ein fin sundagskveld, og ta vare på kvarandre. Rørande bilete frå nasjonal minnemarkering i Oslo i dag. Kongen si tale fekk fram tårene att. Godt å vere saman med dei kjæraste no.


torsdag 4. august 2011

Origamieske

Juhu!! Endeleg litt papirsyslar att!! :D
Har kost meg med det nyaste Ett trykk, og det var som vanleg proppfullt av inspirasjon! :) Og denne gongen hadde dei ei trinn-for-trinn-forklaring på origamieske med lokk. Og eg berre MÅTTE prøve!! ;)
No var nok papira eg brukte litt for tjukke og stive, men det betyr berre at eg må prøve att seinare og, med tynnare papir...! ;)))

Eg har brukt papirer frå den utruleg nydelege Lantliv-serien frå Maja Design, kvit bazzill, punch frå Martha Steward og ei pyntenål.
Og slik vart altså resultatet:

Etter fleire dagar med både sol og gode temperaturer melder dei no stort sett regn, regn og kanskje litt regn framover... Men det treng ikkje vere berre negativt det..., skal sjå det vert ein tur eller to ned i scrappekroken! ;)

Ha ein fin kveld vidare, og ta vare på kvarandre! <3
Tudelidu!

fredag 29. juli 2011

Ei lang veke...

Dette har vore ei lang, merkeleg og vond veke. Terrorangrepet mot Regjeringskvartalet og massakeren av mange uskyldige ungar og ungdommar på Utøya har snudd landet på hovudet. Ingen har kunne unngått å bli berørt av det som har skjedd, og eg trur dei aller fleste av oss har kjent på ein sorg, uansett om vi kjenner folk som er direkte berørte eller ikkje.
Slik har det iallefall vore for meg. Tanken på dei stakkars menneska som vart råka, på dei pårørande og særleg på dei fleire hundre ungdommane som opplevde helvete på jord sist fredag har vore så inderleg vondt og heilt totalt ufatteleg! Korleis kan ein vaksen mann sjå uskyldige hjelpeslause ungar inn i auga, og med kaldt blod henrette dei?!???? Det verkar inni meg og tårane trillar.

Og midt oppi denne grusomme og uverkelege tida, har eit samhold og ein kjærleik vokse opp i heile landet. Overalt har folk holde hender, gått i tog, lagt ned blomar, halde apellar og vist si medkjensle med dei involverte, og med kjærleik stått opp mot det hatet og dei sinnssjuke forestillingane til monsteret som for ei veke sidan forsøkte å øydelegge ein liten bit av oss alle.
Statsminister Stoltenberg, resten av regjeringa, politi og hjelpemannskapar har gjort ein fantastisk jobb. Eg er rett og slett mektig imponert! Eg kan nok ofte vere ueinig i mykje kanskje spesielt fyrstnemnte seier og gjer, men denne siste veka har Jens Stoltenberg stått fram som den beste leiaren landet Noreg kan be om.

Korleis framtida blir? For oss som var så heldige og ikkje ha kjente som vart råka, som ikkje kjenner nokon som har mista sine kjæraste, så kjem vel kvardagen smått om senn attende til det faste. Små bagatellar vil igjen irritere og provosere, krangling og ukvemsord vil igjen bli kvardagsleg og kva ein skal ha til middag vil igjen bli dagens store bekymring. Men ein ting er heilt sikkert; det vil uansett bli eit Noreg før og etter 22.juli 2011, og vi som opplevde denne dagen, anten på nært hald, via tv-skjermen eller anna media, vi vil aldri gløyme denne dagen, ofra, hatet og det enorme samholdet.

Eg sender mine varmaste tankar til alle ofra og dei pårørande, og lyser fred over minnet til alle dei som så brutalt vart rivne bort.

(bilde funne på nettet)

mandag 4. juli 2011

"Trygt på mammas arm" - lift

Eg har scrappa!!! Yes, det er heilt utruleg; for no har det jammen vore tørke ei stund. "Anledningen" er ei lifterunde inne på dei rosa sidene (scrapbookexpress), der fristen eigentleg gjekk ut den 30. juni. Heldigvis for meg vart fristen utsett til no over helga. Har ikkje hatt tid, lyst eller ork til å scrappe på vekesvis. Men i dag "måtte" eg berre, viss eg skulle få laga noko bidrag til lifterunda. Eg skulle lifte Tamara, ei av dei herlege rosa damene. Fann tidleg ein LO eg ville lifte, så eg begynte eigentleg for fleire veker sidan, men eg fekk berre ikkje dreisen på den LO'en, og alt var stuva vekk. Måtte derfor berre begynne heilt på nytt, og fann og ein ny LO å lifte. Så i dag, når det omsider vart sol og opphalds...., rømte eg altså nedi kjellaren og kosa meg med litt papir, stemplar og ink!


Og dette vart resultatet:



Har brukt ein mørk brun/grøn bazzill bakerst, og kvit bazzill oppå. Mykje ink, restepapirer, mist og nokre stempler. Pynta med roser og eit chipboardhjerte.

No er det opp på setra att! :)
Tudelidu!!

søndag 3. juli 2011

Eit par bryllupskort

Tenkte berre eg skulle slenge inn eit par bryllupskort eg laga tidlegare i sommar/vår. Har visst ikkje fått somla meg til å legge dei ut her enno... ;)

Her har eg brukt eit Magnolia-stempel, fargelagt med Promarkers. Tekststempelet er frå Kort & Godt.
På dette har eg brukt eit bilete frå eit klippeark, men eg kjem ikkje på produsenten i farta...
Etter det "sukkersøte" rosa kortet, syntes eg det var litt artig å lage eit noko meir røft og rufsa kort med inking, riving og bølgepapp. Det kvite arket inni kortet var ferdigstansa! Me like!! ;)
Takk for titten, tudelidu!

Ferie!! Og eit kort! ;)

Tre planlause veker ligg framfor oss! Så herleg!!! :D :D

I år har vi verkeleg ingen store planer for ferien; ikkje ørten turar hit og dit, og heller ikkje fullt opp av besøk. Eigentleg veldig greit, spør du meg! ;)

Vil jo tru at det blir ein liten Ulvik-tur i løpet av desse vekene, men det er iallefall ikkje bestemt noko enda. Enn så lenge tek vi livet med ro her heime. Eller, det vil seie, i går ettermiddag reiste vi innpå setra med fullpakka bil, så no skal vi bruke setra som "base" nokre dagar. Nede i bygda att no for å snekre litt meir på reidskapshuset samt hente enda meir som skal vere med innover. Men kosa oss med lang frokost med egg og bacon på setra før vi reiste ned. :)

Har vaska og ordna litt innpå der, men det gjenstår litt. Men får sjå kor mykje eg tek i dag; eine handleddet mitt vart så forferdeleg illt i går kveld. Anar ikkje kva som har skjedd, men det er vondt uansett om eg brukar det eller held det i ro. Strålar oppover underarmen og, så det spørs om det er nokre nerver som ligg i klem eller noko slikt. Veit eg har hatt noko liknande før og da prata dei om noko bruskgreier...?! Ja, ja, har funne handleddsskinna/støtte-saken min, og håper det betrar seg kjapt. Like greit at eg ikkje har med plenty av scrappesaker til fjells, da! ;)

Men før vi tok ferie fekk eg da omsider hivd saman eit kort igjen!! :) Ville gje bort eit lite kort som takk til ei av dei tilsette i barnehagen til jentene. Ho er verkeleg eit positivt innslag! Blid og omgjengeleg og ungane er så glad i ho!! :) Men, til hausten skal ho byrje i ny jobb... Det minste ho kunne få, var ei lita helsing i papir!

Har brukt Bazzill, mønsterpapir frå Maja Design, punch frå Fiskars og Martha Steward, stempel frå Magnolis, tekststempelet hugsar eg ikkje produsenten av..., silkeband og halvperler. Tilda er fargelagt med promarkers og buksa og hårstrikken har og fått eit tynt lag med shimmer. På innsida har eg brukt vanleg skrivepapir.

On this card I've used bazzill cardstock, pattern paper from the swedish label Maja Design, punch from Fiskars and Martha Steward and the stamp is from Magnolia. Have also used silk-ribbon and pearls. Tilda is colored with Promarkers and on the jeans and the headband I've also added a thin-thin layer of shimmer (Liquid pearl).


Deltar i følgende utfordringer / Enter the card in these challenges:
* Sassy Lil' Card Sketch - June 28th
* Card and scrap # 12



Håper inderleg det blir litt scrappetid utover sommaren (med det været som er, passar det heilt klart best å vere inne.... :-/ ), men fyrst må handa bli god att!
Anbefalar alle å sjekke alle dei herlege Sommershow-oppgåvene frå DT på Scrapbookexpress!!

Ha ein fin søndag vidare!!
Tudelidu!

mandag 13. juni 2011

Once Upon A Sketch # June 1st challenge - "My girls"

Da nærmer denne langhelga seg slutten. Har vore godt med ein ekstra fridag. Litt sliten, og fortsatt forkjøla.
Har blitt litt scrapping i helga, sjøl om det ikkje vart så mykje som eg hadde håpa på! Bloggverden er så full av herlege utfordringar, men tida strekk berre ikkje til.

Men, eg har da fått rota saman eit bidrag til Once Upon A Sketch #June 1st Challenge. I tillegg til den lekre skissa var det kriterie om å skrive minst to setningar om jenta/kvinna på bildet. For min del vart det jo to jenter, da... ;)

The June 1st challenge on Once Upon A Sketch was this georgeous sketch. The journalling criteria this time was to write at least two sentences about the female on the picture. In my case there had to be two girls... ;)


Har brukt Bazzill Kraftkartong og rosa og kvit kartong, mønsterark frå Scrappers Choice/Vibeke Spigseth, bølgepapp, Mulberry Gardenia-blomster frå Papirloftet, roser frå Papir Design, Loopy Lou-alpha frå Doodlebug Design, og Glimmermist "Pomegranate" (filtborden er av ukjent opphav!).

***
Har og laga ein dobbel-LO med bildar frå vår vesle "safari-tur" 1. mai. Litt vanskeleg å sjå på kva som er på bildene, men det er både elgar, hjortar, ender og lemen der! ;)
Har brukt kvit Bazzill, Glimmermist "Frost", Diecut Stickers frå Webster's pages og bølgepapp.






Ønskjer alle ein fin måndag vidare! Her har elva og åane heldigvis gått mykje ned att nå, håper vatnet fêr meir varsamt fram lenger sør og aust!!
Tudelidu!

søndag 12. juni 2011

Vatn, mykje mykje vatn....

Dette vart ei rimeleg spesiell helg, og det er ikkje berre fordi det er pinse!
Gode temperaturar og mykje regn mot helga resulterte i stor-flom her på fredag. Vatnet steig utruleg raskt, og dei enomre mengdene kom nok overraskande på dei fleste av oss. På tur til jobb fredag morgon såg eg mange jorde som stod delvis under vatn, men det vart enda mykje verre utover dagen.
Etterkvart kom meldingar om oversvømmelser, jordras og stengde vegar og stengd jernbane. Far som eigentleg skulle ta toget til Oslo for å besøke storebror med familie, kom seg brått ingen veg! Også på Dovre vart vegar og bruer stengde, og fleire av oss slutta ekstra tidleg, for å vere heilt sikre på å kome oss heim att.
Må seie det var ei spesiell, og ikkje særleg god, følelse og køyre over Jorabrua akkurat på fredag!! Fy så stor og brølande Jore var!! Og det stod faktisk fullt av folk midt ute på gangbrua; ikkje skjønner eg at dei turde!! :(

Det er sjeldan eg har vore SÅ glad for å bu høgt og trygt her oppi i dalsida, som det eg har vore no i helga. Men sjølv kor trygt det er her, var det verkeleg utriveleg å leggje seg på fredag. Med Håvard i Hardanger, og far utkalt på tur over Slådalen (einaste opne vegen til bruk aust og sørover!), var det ikkje lett å skulle sovne den kvelden... :(

Det har fortsatt regna ein del både i går og i dag, men flommen er heldigvis bra på retur her. Men fy som vassmassane har øydelagt rundt omkring!! Spesielt ille har det vore på Otta og Kvam, men også vidare sørover langs Lågen og Mjøsområdet har vatnet gjort stor skade, og gjer det fortsatt! I tillegg er Østerdalen frykteleg utsatt.

Nei, vi menneska trur vi kan kontrollere og regulere og gjere som det passar oss her på jordkloda, men når naturkreftene verkeleg slår til, har vi så absolutt ingenting vi skulle ha sagt!!
Kanskje har vi godt av ein liten vekkar ein gong i blant?? Men, det vert vel fort gløymt blant dei som "betyr noko"...


No er eg spent på om Håvard og "onkel" Asle kjem seg austover i morgon. Med både riksveg 7 Hardangervidda og E16 Filefjell stengde, kan det bli ei lita utfordring. Likar det ikkje...

Elles går tankane mine til dei som har mista og/eller øydelagt hus og heimar dei siste dagane.

søndag 5. juni 2011

Bursdagskort og litt forkjølelse / Birthday-card

Søndag og utstrakt avslapping i heimen! Hadde sett for oss ein aktiv dag ute i finværet, men etter nydeleg vær tidleg i dag tidleg, driv det no og skyer noko over, og ikkje minst så bles det. Kjedeleg med denne vinden no som sola og varmen omsider er attende att.

Men, trur uansett det vert ein roleg dag her. Jentene har vore forkjøla i fleire dagar, gubben er jo beordra til å halde seg i ro, og no har forkjølinga smitta over på ho mor og. Så vi legg ikkje opp til dei heilt store krumspringa! ;)


Er besøk her (dvs oppe hjå far) i helga. Storebror med familien har vore her nokre dagar. Og sidan "svigerinna" mi hadde bursdag tidlegare i veka, laga eg eit lite bursdagskort i går kveld. Trudde eg hadde eit liggande, men den gong ei, så det vart litt i hyrten og styrten... Og det ber det visst preg av og... Ikkje heilt fornøgd, men, men.

Var kjekt å kunne titte innom nokre utfordringsbloggar for litt inspirasjon og tips til skisse og fargar etc!



Had to make a birthday-card last night. It was made in a hurry, and that is not always a good thing.... :( Would have changed a few things if I could, but it has already been delivered to the receiver...

I got a lot of inspiration from different challenge-blogs, and enter the card in these challenges:
* Just Magnolia #110 (anything goes with the option of adding lace)
* StampARTic June-challenge (the colors blue, purple and white)
* CLP Challenge Blog #37 (sketch)



Ha ein fin-fin søndag!! Wishing you all a good sunday!!
Tudelidu!!

fredag 3. juni 2011

Bryllupskort / wedding-card

Yuhu! Eit bittelite livsteikn frå denne kanten. Litt untakstilstand med sjukmeldt betre halvdel og veldig travelt på jobb, men no er det fredag og helg!! :))
Det har ikkje blitt tid til mykje scrapping og hobbyer dei siste vekene, men etter å ha fått bestilling på eit bryllupskort, tok eg meg omsider litt tid til og kose meg med kortlaging! :)


Dette kortet er sterkt inspirert av eit kort eg fann i Ett trykk tidligere i år. Kortet var laga av Ruth Ørsal. Anbefalar absolutt eit besøk i bloggen hennar!

Har brukt kvit bazzill, mønsterpapir frå ein bryllupsserie frå TPC Studio, MS-sommerfugl-punch (love it!!!!), Fiskars hjertepunch, papirroser frå Papirloftet og Papir Design, halvperler og ringene er klistremerker. "Kjære brudepar"-stempelet er frå Kort og Godt og det andre tekststempelet er eg ikkje sikker på kor er i frå..? I tillegg har eg brukt Spellbinder-dies, og alle kantane er sverta med Cats Eye "Chestnut roan".



Deltek med dette kortet hjå / I have entered this in the following challenges:
* Card and scrap #10 (blomster)
* CRAFT Challenge 105 (wedding / love)
* Sukkersøtt #127 (bryllup, ikkje 15x15)


Ha ei riktig fin helg, alle saman! :)
Tudelidu!

onsdag 18. mai 2011

Sassy Lil' May 7th-sketch - Strandpatruljen ("Beach patrol")

Fyrst litt på engelsk og norsk, engelsk og norsk (som det heiter i sangen!):


Her er mitt forsøk på 7.mai-skissa hjå Sassy Lil' Sketches / Here is my try on the May 7th-sketch at Sassy Lil' Sketches:


Herleg skisse og jobbe med, og eg kosa meg virkeleg da eg lagde denne LOen. Bilda er av tullene og kusinene deira, også desse bilda frå strandturen på påskeaften i år. Har brukt kvit Bazzill, glimmermist (Sun sisters), restepapir frå My Minds Eye og Prima, bølgepapp, blingswirl frå Kort og Godt, Adornit minialfa, Martha Steward sommerfugl-punch. / Just loved the sketch, and I had such a good time making this layout. I've used white bazzill, glimmer mist ("Sun sisters"), pattern papers from My Minds Eye and Prima, corrugated cardboard, blingswirl, butterfly-punch and Adornit minialphas.


***

Riktig dagen derpå her på Lesja. Både store og små (og til og med den 4-beinte) var både trøtte og slitne etter ein lang, men fin gårdag.

Kjekt at jentene og eg hadde heimedag, iallefall! Skjønt, har knapt vore heime... Frisør og deretter høgt pengeforbruk på Otta! ;) Måtte ha nye madrasse mm til sengene til jentene, og da flaug kronene! Nye skall-jakker til tullene vart det og.


Nei, må vel i gang med middagen, ser klokka har gått i frå meg!!

Ha ein fin kveld!


Tudelidu!

tirsdag 17. mai 2011

Hurra for 17.mai (og Sketchy Colors #71 - Ein smak av sommar)

Hurra for 17. mai!!!!

Gratulerer så mykje med dagen alle saman! Her på Lesja har vi feira dagen som seg hør og bør, med barnetog, sang, pølser, is og kaker! Har vore ein del regnver, men heldigvis berga vi bra gjennom heile barnetoget!

Jentene har vore så fine i dei flotte bunadane sine, og eg trur dei har hatt ein like bra dag som dei hadde håpa og venta så lenge på. :))

***
Ellers vart det da faktisk bittelitt meir scrapping i løpet av helga i Ulvik. Fekk blant anna til ein layout etter skissa som er denne vekes utfordring hjå Sketchy Colors.
Ganske så enkel LO, men uansett koseleg å ha i albumet. Bildet er frå turen på Karlsvika påskeaften:

Har brukt Bazzill (raud og kraft), mønsterark frå Nook&Pantry-serien til Basic Grey, hekla blonde og blondebrikke, papirroser frå Papirloftet og Prima, bling frå Kort & Godt og Prima, thickers frå American Crafts, minialfa Adornit, tagen er av ukjent produsent. Ja, og så er det vel eit par metall-charms og litt bølgepapp der og!

No er det tid for å få eit par småtrøtte frøkner i seng! Ha ein fortsatt fin 17.mai!! :)

Tudelidu!

søndag 15. mai 2011

Skissedilla #111 - Solskinn i hjerta

Heisann!

Berre innom som snarast for å legge inn bidraget mitt til denne vekes Skissedilla-skisse.


Er i Ulvik på langhelg, men måtte jo berre ta med meg litt scrappesaker over fjellet... ;) Og i går kveld fekk eg riktig koooosa meg med denne layouten! :) Herleg skisse, og eit bilde eg er veldig glad i! Bildet er teke på Karlsvika utanfor Tønsberg påskeaften i år. Vi var jo der med mor/mormor og onkel/storebror med familie. Ein fantastisk fin dag! Nydeleg vårvær, glade ungar, koseleg selskap og god grillmat. Enkelt og greitt LYKKE!!! Og før vi reiste heim att, fekk eg altså Håvard til å ta dette bildet av jentene og meg. :)





Har brukt kvit bazzill, restepapir (My Minds Eye, Prima og CratePaper), glimmermist (passande nok heiter farga Sun Sisters!!), Adornit minialfa, thickers frå American Crafts, bølgepapp, rub-on frå Jenni Bowlin, MS-punch (Monarc butterfly large), samt blonde, papirroser, metallpynt og ei slik "pyntegrein" med knoppar.


***

Her i fagre Hardanger er epleblomstringa på topp, og det er eit fantastisk vakkert syn! Desverre ein del regnvær her i helga, så vi får ikkje fullt utbytte med epleblomst-lukta i tillegg, men frisk vårregn-luft er heller ikkje å forakta! ;)Og..., regnvær kan jo definitivt forsvare litt innetid (les: scrapping) og, ikkje sant?? ;)


Ha ein fortsatt fin søndag!!

Tudelidu!

søndag 8. mai 2011

Lat søndag...

Herleg med laaaang frokost og god tid! :)) Kvardagane er som regel prega av stress og tidsnød uansett kor tidleg vi kjem oss opp (nå ja, vert som regel for seint...), så eg synes søndagsmorgonane er sååå gode! :)
Magasin-kryssord og kaffe står på programmet no, som ei forlenging av frokosten! ;)

Ligg an til å bli ein ny flott vårdag. Noko disig/overskya enno, men se at sola bryt meir og meir igjennom. Og gradestokken viser alt 15 grader, og klokka er ikkje 10 eingong!! :D Herleg!! Det bles riktignok ein del, men hei! vi bur tross alt på Lesja....

I går vart dagen brukt på Bygdatunet, der heile familien var på dugnad. Var nokre god-trøtte små tuller som tusla til sengs i går kveld, ja! ;)

Godværet gjer sitt til at scrappesakene stort sett får ligge i ro om dagen. Men på fredagen vart det faktisk eit bidrag til NSD (National Scrapbook Day)-feiringa på dei rosa sidene . Kriteria var å bruke grønt og brunt som dominerande fargar, og LOen skulle vere i litt vintage/heritage-stil, samt at det skulle brukast blonde/bånd og blomster.
Fekk ikkje heilt til stilen denne gongen, men fargane og blonde og blomster vart da med:

Enda mange flotte NSD-oppgåver eg kunne tenkt meg å prøve, i tillegg til alle dei fantastiske utfordringane som ligg rundt om på alle moglege scrappe- og kortutfordringsbloggar, men eg får sjå kva det vert tid til.


Ha ein riktig flott søndag, alle saman! Nyt den!!! :)


Tudelidu!!

torsdag 5. mai 2011

Skissedilla #110

Går visst lang tid mellom kvar oppdatering her inne.... Men, det står da til liv! Sjølv om det på nytt er heimedag pga sjukdom her!! Åshild-tulla driv med feber på andre dagen. Har vel ein mistanke om at det er vannkopper på gang, sidan ein god del i barnehagen akkurat har hatt det. Og har fyrst Åshild fått det, er det vel berre eit tidsspørsmål før Ragnhild er i gang og. Ser vel forresten ikkje bort frå at ho får det i det Åshild er i ferd med å avslutte.... Og da spørs det korleis det blir med 17.mai feiring om knappe to veker...! ;-/

Ja, ja, slik er det no berre. Åshild er heldigvis ved godt mot, og iallefall så langt fri for utslett og kløe. Og mens ho har liggi på sofaen og smådorma og titta litt på tv, har ho mor faktisk fått scrappa litt!!! :)))) Etter mykje scrapping i samband med scrapathon (kombinert med åleinehelg!!!) og påskeoppgåver (begge arrangert av DT på dei rosa sidene), har det igrunnen vore stillstans sidan påske.

Men, i dag har eg koooosa meg med den nye skissedilla-skissa!! Ser ikkje bort frå at eg kjem til å finne ho fram att seinare ein gong også, for eg skulle gjerne likt å scrappa den med mange små bilder. Det hadde eg ikkje tilgjengeleg i dag...

Slik vart uansett bidraget mitt:

Har brukt kvit og grøn bazzill, mist (Meadow green og Frost), restepapir frå Basic Grey, stempel frå Panduro og frå Autumn Leaves, pluss minialfa frå Cosmo Cricket, thickers frå American Crafts og ein liten bjørkekvist.


Bildene er frå ein tur i skogen. Vi jentene besøkte paps og bestefar som hogg tømmer. Jentene leika og gjekk på oppdagelsesferd, og det var veldig viktig og bære med seg størst moglege greiner. Plutseleg kjem det med fynd og klem frå Ragnhild: "Detta ha døkk vel ikkje sett før?! Ein tvilling som løfte ein så stor kvist?!" :))) Og ho hadde nok antageleg rett, for eg trur faktisk ikkje eg har sett det før!! ;))


Ha ein fin dag! Tudelidu!!

mandag 11. april 2011

Skissedilla #107 - Godkar

Er heime med sjuke ungar i dag. Her har omgangssjuka rasa i helga... :((( Krysser fingre og tær for at vi vaksne slepp unna.
Men, nok om det...! Eg har jo faktisk fått scrappa litt innimellom sjukestellet! :)

Trengte ei skisse til ei side i eit album eg driv på med, og jammen fann eg akkurat noko slikt eg leita etter inne på Skissedilla-bloggen! :) Sjekk den herlege skissa av HegeAL!

No er eg mest spent på om eg får til "korrekt" innlegging av bidraget mitt på sidene deira... ;-)


Her er iallefall LO'en min:
Bildene er av bestefaren min, "ein rættele godkar"! :)


Takk for titten! Ha ein fortsatt fin måndag! :)

Tudelidu!

søndag 6. mars 2011

Snow much fun

Jepp, her vart det visst full vinter att! Er jo strengt tatt klar for vår, men samtidig veldig klar over at det enno kan kome mykje snø no i mars. Og natt til i går og i går gjorde det jo akkurat det!
Småfuglane var visst glade for maten vi hadde ut til dei. :)

Etter middag gjekk vi alle ut og herja og kosa oss i snøen! Artig for både store og små igrunnen! :D Vart eit ørlite forsøk på eit "familieportrett" der vi låg og basa i snøen og! ;)


***
Mitt bidrag til scrapliftkonkurransa vekene 7-9 på Scrapbookexpress:
***
No skal det bakast bollar a la Schakenda!! Nam nam!!!
God fastelavnssøndag, alle saman! :)))

torsdag 3. mars 2011

Maskulint, røft og tøft kort....

Jepp, det var oppgåve #3 i Kortkonken på Scrapbookexpress...!! Her har det gått mest i søte stempler og lilla og rosa osv., så eg hadde enkelt og greit ikkje peiling på korleis eg skulle angripe denne oppgåva!

Men brått fekk eg ein ide som involverte ein glidelås.... :D

Glidelås vart innkjøpr og voila, her er resultatet:

Einaste er at eg har gjort ei tabbe med den glidelåsen.... Kjøpte av typen som ikkje lar seg dele/opne heilt i botn, så kortet kan jo faktisk ikkje opnast heilt!!! :-/ Eller, det er ikkje heilt sant da... *rødme* Har nemleg IKKJE festa høgre sida av glidelåsen permanent, har berre "juksa" litt i påvente av å få kjøpt inn ny glidelås. Korleis eg skal orke og løsne og fjerne alle stiftane som faktisk held fast venstre sida veit eg dog ikkje...! ;))


Ellers er det lite scrapping for tida. Vart ferdig med ein lift i går, men må vente litt med å legge ut pga konkurranse. :)



Nei, på høg tid å finne loppekassa!

Natta! :)

fredag 25. februar 2011

Kortoppgåve #2 - Scrapbookexpress

Då er stemmene i runde to av kortkonkurransa på Scrapbookexpress talt opp, og eg kan legge ut bidraget mitt.

Oppgåva var å lage eit kort ut frå denne skissa. I tillegg skulle det vere monokromatisk (svart og kvitt kunne brukast i tillegg).
Og slik vart altså bidraget mitt:

Har brukt bruntoner. Bazzill-kartong, mønsterark frå Basic Grey, Magnolia-stempel (fargelagt med Promarkers), tekststempel frå Norsk Stempelblad, roser frå Papirdesign og swirlstempel frå Panduro (truuur eg). Pluss ein neve med små raindrops av ukjent opphav.
*****
Ellers er det herleg med fredagskveld!! Beste tidspunktet i heile veka!! :D
Vart arrangert kafè i barnehagen i dag, til inntekt til Forut-aksjonen. Ungane hadde bakt bollar og sjokoladekake, samt laga litt produkt for sal. I tillegg hadde dei litt "forut-varer" til sals. Vart jammen meg ny veske på ho mor... Har jo ingen frå før...! ;))
No har vi kosa oss med heimelaga pizza til barne-tv'n, og har funne helge-roa alle saman! Godt!!
Og fortsatt er det mykje igjen av helga.
Ha ein fin-fin kveld og ei fortreffeleg helg!! :)

onsdag 23. februar 2011

Telyskort og skissekonkurranse # 7

Heimedag på jentene og meg i dag. Men sidan vi likevel hadde bilen tilgjengeleg, vart det nokre småærend rundt omkring.
Men dei heilt store sprella vart det ikkje! ;)

Har gjort ferdig telyskortet til svigermor, har brukt dei nydelege "Fika"-papirene frå Maja Design. Fargane kjem desverre ikkje heilt godt fram på bildet. Ramme, tag og åpning i boksen er alle laga med ein Spellbinders die. Trur ikkje eg kan få nok av dei, når eg tenker meg om!! :))

Slenger og med mitt bidrag til Skissekonken veke 7 på Scrapbookexpress:


Ha ein fin kveld! :)

tirsdag 22. februar 2011

Hrmf!!

Liker ikkje heilt tendensane her... :( Hovudverk, "urven" i kroppen og sliten og trøytt... Ja, ja, bra det er "fridag" for jentene og meg i morgon, slik at kroppen får kvile litt! :)

Har eigentleg ein del småærend som burde vore gjort unna i morgon, men med den eine bilen godt parkert med skranten girkasse, spørs det vel om vi berre får halde oss heime. Kanskje like greit, det! ;) (Sjølv om eg så klart skulle ha vore og handla band til teljoskorta mine....!! ;) )


Mor reiste dessverre heim att i dag. så no var det attende til striskjorta og havrelefsa att... Jentene storkosa seg med eit par ekstra dagar heime, med daglege dosar vaffel og mykje kos! :)) Har lova dei at vi skal ta oss ein tur til mormor når det byrjar og bli litt meir vår i Vestfold. Togtur for berre oss jentene er som regel veldig populært! ;) (Og rimeleg slitsomt for meg...!)

Enn så lenge får vi kose oss med den fine rosebuketten vi fekk av mor i går:


Til slutt eit større bilete av korga frå forrige innlegget. Vart så lite det andre biletet.
Så, Wenche, dette biletet er spesielt for deg!! ;)))

Tudelidu og god natt! :)

søndag 20. februar 2011

Dilla på lilla.....

..... og på kort!! ;)

Ja, at eg er glad i lilla skal ikkje så mykje til å sjå... ;) Og dette viser seg ofte på LO'ane og ikkje minst korta mine. Ja, for eg har faktisk blitt hekta på kortlaging!! Og det er jo sååå kos! :)

Nokre Promarker-tusjer og mykje inspirasjon på Norddalstreffet i haust gjorde susen! :)

Og med den nyaste serien frå Maja Design, "Fika", får eg jo virkeleg boltre meg i nyyydelege lilla papirer!!! *Lykke*


Scrapbookexpress.no er det akkurat no i gang ei aldri så lita kortkonkurranse som eg berre MÅTTE vere med på! Frist for å levere bidrag nr to no i kveld, så eg kan ikkje legge ut det kortet riktig enno, men her er iallefall mitt bidrag til den fyrste runda:


Kriteriane var å bruke blonde, blomster, bling, bokark og revna papir. Kom inn så mange nyyydelege bidrag!! *Imponert*


Har også lagd eit par andre kort, her er eit "Side-step-card" som vesle syster fekk til bursdagen.

I tillegg fekk ho denne vesle korga med litt sjokolade i! ;)


Dette stempelet frå Whiff of Joy var berre sååå nusseleg, så da eg fann dette på Norddalstreffet i oktober, måtte eg berre kjøpe det! Søøøt!! :)


For nokre veker sidan hadde vi nok eit kjempetriveleg treff på Joratunet. 11-12 kreative damer i godt humør!! :D Herleg!! I tillegg til nokre LOar og eit kort, laga eg ein Post-it-blokk-holdar! Torill som hadde malen til desse! :) Takk for ein super ide, Torill!! :)
Har og laga penne-holdar, og desse står no på kontoret mitt og "pyntar" opp! :)



No i helga har eg kosa meg med eit par telys-kort, men eg må skaffe meg bånd i passande fargar, før eg får gjort dei heilt ferdige. Ikkje overraskande er iallefall det eine kortet i lilla....! ;)
Bilete kjem etterkvart! :)


I dag har det vore eit fantastisk vær her! Sol frå skyfri himmel og vindstille! :) Men så var det og 22 minus i dag tidleg!
Jentene, mormor, tante Sigrun, bestefar og eg gjekk tur i skogsbilvegen utpå dagen, og det var så fint! Jentene gjekk på ski, og dei har blitt nokre skikkelege racere på ski i vinter! :))

Eit lite stemningsbilete:

Ønskjer alle ei god ny veke! :)