fredag 29. juli 2011

Ei lang veke...

Dette har vore ei lang, merkeleg og vond veke. Terrorangrepet mot Regjeringskvartalet og massakeren av mange uskyldige ungar og ungdommar på Utøya har snudd landet på hovudet. Ingen har kunne unngått å bli berørt av det som har skjedd, og eg trur dei aller fleste av oss har kjent på ein sorg, uansett om vi kjenner folk som er direkte berørte eller ikkje.
Slik har det iallefall vore for meg. Tanken på dei stakkars menneska som vart råka, på dei pårørande og særleg på dei fleire hundre ungdommane som opplevde helvete på jord sist fredag har vore så inderleg vondt og heilt totalt ufatteleg! Korleis kan ein vaksen mann sjå uskyldige hjelpeslause ungar inn i auga, og med kaldt blod henrette dei?!???? Det verkar inni meg og tårane trillar.

Og midt oppi denne grusomme og uverkelege tida, har eit samhold og ein kjærleik vokse opp i heile landet. Overalt har folk holde hender, gått i tog, lagt ned blomar, halde apellar og vist si medkjensle med dei involverte, og med kjærleik stått opp mot det hatet og dei sinnssjuke forestillingane til monsteret som for ei veke sidan forsøkte å øydelegge ein liten bit av oss alle.
Statsminister Stoltenberg, resten av regjeringa, politi og hjelpemannskapar har gjort ein fantastisk jobb. Eg er rett og slett mektig imponert! Eg kan nok ofte vere ueinig i mykje kanskje spesielt fyrstnemnte seier og gjer, men denne siste veka har Jens Stoltenberg stått fram som den beste leiaren landet Noreg kan be om.

Korleis framtida blir? For oss som var så heldige og ikkje ha kjente som vart råka, som ikkje kjenner nokon som har mista sine kjæraste, så kjem vel kvardagen smått om senn attende til det faste. Små bagatellar vil igjen irritere og provosere, krangling og ukvemsord vil igjen bli kvardagsleg og kva ein skal ha til middag vil igjen bli dagens store bekymring. Men ein ting er heilt sikkert; det vil uansett bli eit Noreg før og etter 22.juli 2011, og vi som opplevde denne dagen, anten på nært hald, via tv-skjermen eller anna media, vi vil aldri gløyme denne dagen, ofra, hatet og det enorme samholdet.

Eg sender mine varmaste tankar til alle ofra og dei pårørande, og lyser fred over minnet til alle dei som så brutalt vart rivne bort.

(bilde funne på nettet)

mandag 4. juli 2011

"Trygt på mammas arm" - lift

Eg har scrappa!!! Yes, det er heilt utruleg; for no har det jammen vore tørke ei stund. "Anledningen" er ei lifterunde inne på dei rosa sidene (scrapbookexpress), der fristen eigentleg gjekk ut den 30. juni. Heldigvis for meg vart fristen utsett til no over helga. Har ikkje hatt tid, lyst eller ork til å scrappe på vekesvis. Men i dag "måtte" eg berre, viss eg skulle få laga noko bidrag til lifterunda. Eg skulle lifte Tamara, ei av dei herlege rosa damene. Fann tidleg ein LO eg ville lifte, så eg begynte eigentleg for fleire veker sidan, men eg fekk berre ikkje dreisen på den LO'en, og alt var stuva vekk. Måtte derfor berre begynne heilt på nytt, og fann og ein ny LO å lifte. Så i dag, når det omsider vart sol og opphalds...., rømte eg altså nedi kjellaren og kosa meg med litt papir, stemplar og ink!


Og dette vart resultatet:



Har brukt ein mørk brun/grøn bazzill bakerst, og kvit bazzill oppå. Mykje ink, restepapirer, mist og nokre stempler. Pynta med roser og eit chipboardhjerte.

No er det opp på setra att! :)
Tudelidu!!

søndag 3. juli 2011

Eit par bryllupskort

Tenkte berre eg skulle slenge inn eit par bryllupskort eg laga tidlegare i sommar/vår. Har visst ikkje fått somla meg til å legge dei ut her enno... ;)

Her har eg brukt eit Magnolia-stempel, fargelagt med Promarkers. Tekststempelet er frå Kort & Godt.
På dette har eg brukt eit bilete frå eit klippeark, men eg kjem ikkje på produsenten i farta...
Etter det "sukkersøte" rosa kortet, syntes eg det var litt artig å lage eit noko meir røft og rufsa kort med inking, riving og bølgepapp. Det kvite arket inni kortet var ferdigstansa! Me like!! ;)
Takk for titten, tudelidu!

Ferie!! Og eit kort! ;)

Tre planlause veker ligg framfor oss! Så herleg!!! :D :D

I år har vi verkeleg ingen store planer for ferien; ikkje ørten turar hit og dit, og heller ikkje fullt opp av besøk. Eigentleg veldig greit, spør du meg! ;)

Vil jo tru at det blir ein liten Ulvik-tur i løpet av desse vekene, men det er iallefall ikkje bestemt noko enda. Enn så lenge tek vi livet med ro her heime. Eller, det vil seie, i går ettermiddag reiste vi innpå setra med fullpakka bil, så no skal vi bruke setra som "base" nokre dagar. Nede i bygda att no for å snekre litt meir på reidskapshuset samt hente enda meir som skal vere med innover. Men kosa oss med lang frokost med egg og bacon på setra før vi reiste ned. :)

Har vaska og ordna litt innpå der, men det gjenstår litt. Men får sjå kor mykje eg tek i dag; eine handleddet mitt vart så forferdeleg illt i går kveld. Anar ikkje kva som har skjedd, men det er vondt uansett om eg brukar det eller held det i ro. Strålar oppover underarmen og, så det spørs om det er nokre nerver som ligg i klem eller noko slikt. Veit eg har hatt noko liknande før og da prata dei om noko bruskgreier...?! Ja, ja, har funne handleddsskinna/støtte-saken min, og håper det betrar seg kjapt. Like greit at eg ikkje har med plenty av scrappesaker til fjells, da! ;)

Men før vi tok ferie fekk eg da omsider hivd saman eit kort igjen!! :) Ville gje bort eit lite kort som takk til ei av dei tilsette i barnehagen til jentene. Ho er verkeleg eit positivt innslag! Blid og omgjengeleg og ungane er så glad i ho!! :) Men, til hausten skal ho byrje i ny jobb... Det minste ho kunne få, var ei lita helsing i papir!

Har brukt Bazzill, mønsterpapir frå Maja Design, punch frå Fiskars og Martha Steward, stempel frå Magnolis, tekststempelet hugsar eg ikkje produsenten av..., silkeband og halvperler. Tilda er fargelagt med promarkers og buksa og hårstrikken har og fått eit tynt lag med shimmer. På innsida har eg brukt vanleg skrivepapir.

On this card I've used bazzill cardstock, pattern paper from the swedish label Maja Design, punch from Fiskars and Martha Steward and the stamp is from Magnolia. Have also used silk-ribbon and pearls. Tilda is colored with Promarkers and on the jeans and the headband I've also added a thin-thin layer of shimmer (Liquid pearl).


Deltar i følgende utfordringer / Enter the card in these challenges:
* Sassy Lil' Card Sketch - June 28th
* Card and scrap # 12



Håper inderleg det blir litt scrappetid utover sommaren (med det været som er, passar det heilt klart best å vere inne.... :-/ ), men fyrst må handa bli god att!
Anbefalar alle å sjekke alle dei herlege Sommershow-oppgåvene frå DT på Scrapbookexpress!!

Ha ein fin søndag vidare!!
Tudelidu!