tirsdag 19. oktober 2010

Det er nok no!

Ja, det synes eg absolutt! :-/

Har vore forkjøla i omlag 4,5 veke no, og etter eit par turar til doktor, har eg no fått ein god miks-diagnose... Både halsbetennelse-virus og bakteriell lungebetennelse. Så, no er det sofaliv, penicillin og mykje te, solbærtoddy, paracet og snytepapir.

Men, hurra!! i dag byrjer eg å føle at medisinane kanskje hjelp såvidt det er! :)) Det verker iallefall som det går rette vegen, omsider! Og det er så godt! :)

MÅ jo berre vere i form att til helga, for då skal vi arrangere scrappetreff her i bygda; Norddalstreff 2010!! *jippi*
Vi blir mellom 25 og 30 scrappe- og kortlagingsgale damer som skal kose oss med papir og stæsj heile helga! :) Happy Hobby frå Gjøvik stiller og opp med butikk! Oh, stakkars visa-kortet.....! ;)

Sidan eg stort sett har vore liggande, anten i senga eller sofaen, har det vorte minimalt med scrapping i det siste, men her er iallefall litt frå tidlegare i månaden:

Må smette inn ein ting til på slutten: Vi vakna til sjog her i dag! Nåja, så store mengdene var det just ikkje, og det meste har smelta bort att no, men likevel.... Jentene var ikkje overraskande storfornøgde då dei titta ut! :) Tenkjer dei kosar seg stort i barnehagen no! :))


Tudelidu!

2 kommentarer:

Anne Bente sa...

så super skønne loer du har lavet
klemmm

Merete sa...

Ingen snø her ennå...


Håper virkelig formen din er bedre nå - du må jo være klar til treffet i helga:) Kose dere masse !!!

Stor klem fra Løten