søndag 12. juni 2011

Vatn, mykje mykje vatn....

Dette vart ei rimeleg spesiell helg, og det er ikkje berre fordi det er pinse!
Gode temperaturar og mykje regn mot helga resulterte i stor-flom her på fredag. Vatnet steig utruleg raskt, og dei enomre mengdene kom nok overraskande på dei fleste av oss. På tur til jobb fredag morgon såg eg mange jorde som stod delvis under vatn, men det vart enda mykje verre utover dagen.
Etterkvart kom meldingar om oversvømmelser, jordras og stengde vegar og stengd jernbane. Far som eigentleg skulle ta toget til Oslo for å besøke storebror med familie, kom seg brått ingen veg! Også på Dovre vart vegar og bruer stengde, og fleire av oss slutta ekstra tidleg, for å vere heilt sikre på å kome oss heim att.
Må seie det var ei spesiell, og ikkje særleg god, følelse og køyre over Jorabrua akkurat på fredag!! Fy så stor og brølande Jore var!! Og det stod faktisk fullt av folk midt ute på gangbrua; ikkje skjønner eg at dei turde!! :(

Det er sjeldan eg har vore SÅ glad for å bu høgt og trygt her oppi i dalsida, som det eg har vore no i helga. Men sjølv kor trygt det er her, var det verkeleg utriveleg å leggje seg på fredag. Med Håvard i Hardanger, og far utkalt på tur over Slådalen (einaste opne vegen til bruk aust og sørover!), var det ikkje lett å skulle sovne den kvelden... :(

Det har fortsatt regna ein del både i går og i dag, men flommen er heldigvis bra på retur her. Men fy som vassmassane har øydelagt rundt omkring!! Spesielt ille har det vore på Otta og Kvam, men også vidare sørover langs Lågen og Mjøsområdet har vatnet gjort stor skade, og gjer det fortsatt! I tillegg er Østerdalen frykteleg utsatt.

Nei, vi menneska trur vi kan kontrollere og regulere og gjere som det passar oss her på jordkloda, men når naturkreftene verkeleg slår til, har vi så absolutt ingenting vi skulle ha sagt!!
Kanskje har vi godt av ein liten vekkar ein gong i blant?? Men, det vert vel fort gløymt blant dei som "betyr noko"...


No er eg spent på om Håvard og "onkel" Asle kjem seg austover i morgon. Med både riksveg 7 Hardangervidda og E16 Filefjell stengde, kan det bli ei lita utfordring. Likar det ikkje...

Elles går tankane mine til dei som har mista og/eller øydelagt hus og heimar dei siste dagane.

Ingen kommentarer: