Denne veka var ÅD-oppgåva å bruke distressing (gje ein slitt og gamal utsjånad) på ein LO etc. Eg ville bruke eit gamalt bilde, for å lettare få ein gjennomført "gamaldags" stil. Fann dette bildet frå dåpsdagen til far. Då far sjekka dåpsattesten sin for å finne datoen, visste det seg at han vart døypt på dagen 31 år før eg vart fødd! :)

For å distresse, har eg rive og skrapa kantane på arka, brukt ink (cats eye), pussa bildekanten med sandpapir og farga nokre av elementa med kaffe.
