Eg er heilt overvelda over alle stemmene eg fekk!! Gjett om dette var skikkeleg inspirasjon for å scrappe meir, da?!? ;)) Etter tilnærma tørke i sommar, er verkeleg scrappelysta på tur attende no, ja! :)
Her er finalebidraga mine:
Oppgåve 1 var å scrappe ein LO om meg sjølv i 2011, med eitt eller fleire bilete av meg, minst 50 ord med tekst og så skulle vi ha med noko rosa.
Oppgåve 2 var å scrappe ein Clean & Simple-LO, ha med farga grøn og ein dyrefigur.
****
No er det oktober, ute ligg skodda tjukk, men eg trur nok sola snart får jaga ho vekk slik at vi får en flott haustdag. Håpar iallefall det...! ;)
Uansett håpar eg hausten vil gje anledning til mang ei god scrappestund! :)
