onsdag 14. januar 2009

Skissekonkurranse veke 1-2, scrapbookexpress



Eg hadde med to bidrag til årets fyrste skissekonkurranse på dei rosa sidene. Har som mål å vere med på både den, scrapliftutfordringa og DT-utfordringane så mykje som råd i år. Alltid flotte oppgåver, og veldig inspirerande!


Det kom inn heile 25 bidrag til skissekonken denne gong, kjempebra!! Her er mine to:



BlogCandy hos Merete


På Merete/Pingvinhockey sin blogg ligg det no ute ein BlogCandy! Ho har passert 5000 besøkande, og feirer det med å dele ut litt lekkert sukkertøy til ein eller annan heldig! Sjå HER, så finn du bloggen til Merete! Og sjekk ut det fristande snopet da!!
Gratulerer så mykje med dei 5000, Merete!! :)

søndag 11. januar 2009

Født med ski på beina??

Ja, vi nordmenn skal jo visstnok vere fødte med ski på føtene... No må eg seie eg er glad jentene ikkje hadde det, då eg sette dei til verden...!! :) Men, det er da vel ikkje så verst å ikkje vere meire enn 2 år og 4 mnd fyrste gongen ein prøver å gå på ski, heller!! :)

Var altså å kjøpte ski til dei for eit par dagar sidan. Sidan det er mildvær og vind her no, er det berre hålke og griseføre ute. Fyrste forsøk på ski vart derfor innandørs! Jentene trava fram og attende i gangen, tur på tur! Vart reine 5-mila til slutt!! :)

Men, i dag, trass dårlig føre, tok vi med skiene ut, og tok den aller fyrste skituren! Og jentene var sååå flinke!! Stolt mamma, ja!! :) Var vanskeleg å gå pga føret, men dei prøvde med stor vilje og pågangsmot. Dei ville helst halde mamma eller pappa i handa, men dei gjekk faktisk aller best når dei prøvde seg heilt på egenhand. Eg knipsa så klart ein del bilete, og gleder meg til å scrappe dei! Her er nokre glimt av karrierestarten:

fredag 9. januar 2009

Teknikk-konk. november: "Fisk til middag?"



I november var oppgåva i teknikkonkurransa på scrapbookexpress å bruke stempler. Ja, eg dukka ned i stemplane mine, og gjekk lettare amok!! :) Laga mitt eige mønsterark ved å bruke eit søtt (??) fiskestempel på kvit bazzill. LO'en er ei "oppskrift" på "Korleis skaffe fisk til middag"! Nummerstemplane vann eg i ein PUB/RAK (plutselig utfordring med belønning/random act of kindness) som Modesty arrangerte i haust! :)




Nye Design Team-medlemmer på ScrappeMania!!

Eit nytt år byr på mykje nytt! Så også på utfordringsbloggen ScrappeMania! Der har dei nettopp presentert 5 nye superflinke medlemmer i designteamet! :) Sjekk kven desse er HER!


I løpet av dei vel 9 mnd bloggen har vore oppe og gått, har dei gitt oss fantastisk mange flotte utfordringar og ikkje minst haugevis med inspirasjon!! Eit av mine nyttårsforsett er å prøve meg på litt fleire slike utfordringar! Og hvis oppgåva er overkommeleg for vesle meg, satsar eg på å byrje alt i morgon, når årets fyrste {scRappen} blir lagt ut! :) :) Gleder meg til å sjå kva jentene disker opp med denne gong!! :)


Ellers frister Mania-jentene akkurat no med dette lekre scrappesnopet fra Au-Dela Des Cimes!!
Lekkert, lekkert, lekkert!! Og dette kan jo bli ditt, hvis du stikk innom ScrappeMania og ser kva som står der...... Anbefales!!!

Da gjenstår det for meg å ønskje alle ei riktig god helg!! :)

torsdag 8. januar 2009

Scrapping the Music på norsk - blogcandy!

Som nemnt litt lenger ned, har den nye inspirasjonbloggen Scrapping the Music på norsk starta opp no i januar. Men tross den korte "levetida" har dei alt passert 5000 besøkande!! Gratulerer så mykje, jenter!! Vel fortjent!! DesignTeamet hadde bestemt at dei skulle dele ut litt sukkertøy når dei hadde passert 3000 besøkande, og sjekk det snopet her:
Ser fristande ut, ja!!
Fyrste utfordring vart altså lagt ut i går, 7. januar! Lenger ned kan du sjå bidraget mitt, og går du inn her kan du lese oppgåvetekst, sjå dei lekre LO'ane Design Teamet har laga, finne link til bidraga, og ikkje minst finne ut korleis DU kan delta!! :)

Ready for takeoff!

Eg har altså hivd meg med på Årets Designer på de rosa sidene. Ikkje fordi eg trur eg skal vinne plass i neste års designteam, men enkelt og greit fordi oppgavene i fjor var kjempeflotte, og det er eit realt spark bak for å få scrappa litt!! :)

Måndag denne veka kom årets fyrste oppgåve, og den var: Bruk klammer på ein LO. Supert!
Mitt bidrag vart altså LO'en "Ready for takeoff!" Bildene viser Å&R på snowracer-tur 3. januar i år. Noko mørkt bilde, men skitt au! Er det mørketid, så er det mørketid.... ;)

Scrapping the Music - på norsk "Du æ'kke aleine"

I går presenterte Scrapping the Music - på norsk den fyrste songen, og det var kremsongen "Her kommer vinter'n" av Jokke og Valentinerne!! :) Fyrste tanken som slo meg i desse januartider, var så klart ein vinter-LO, men i går kveld fekk eg ein heilt anna ide! Og slik vart det LO'en "Du æ'kke aleine...".

Bildet viser Åshild og Ragnhild 4 dagar gamle, og på akkurat dette bildet ser R. så sår og nesten litt ulykkeleg eller einsam ut, men ho har jo storesyster ved sidan av seg. Så, tittelen på LO'en er en "trøst" til vesle Ragnhild-tulla mi! :)


LO'en er scrappa i ein lite typisk Ellen-stil, men det er jo artig å prøve litt nytt, sjøl om resultata kanskje blir så som så... Den vart som den vart...!


Var kjempeartig å scrappe ein song, og eg skal definitivt hive meg med på fleire utfordringar på StM!!

Det snør, det snør....

...tiddelibom!

Ja, så absolutt! Min kjære var ute og brøyta i fleire timar i går kveld, og no er det like ugjort. :) Ser for meg ein stampete og strabasiøs tur gjennom garden, for dei to små. Hadde jo tenkt å hente bilen frå garasjen, men slik det er no, må vi nok berre stampe oss veg dit. Tungt og kjedeleg for små føt! Men, vi har da dagen for oss, og har det ikkje akkurat så travelt! :)


Når det gjeld scrappinga, fekk eg omsider laga årets fyrste LO i går kveld! :jippi: Var så godt å sette seg ned i ro og fred, og kose seg med ark, bilde, pynt og ink!! :) Skal legge ut bilde av LO'en så snart det er brukbart dagslys til å knipse. I dag har eg planar om å byrje på eit bidrag til Skissekonken på scrapbookexpress (hurra for rosa sider!!!), og muligens eit bidrag til den fyrste utfordringa på Scrapping the music - på norsk!
Nei, da er det vel berre å utruste seg med spade og skuffe, og brøyte seg fram til garasjen! Må jo på butikken og kjøpe meir blekk til skrivaren, hvis eg har tenkt å skrive ut nokre scrapbare bilder!!

søndag 4. januar 2009

Et nytt herleg scrappeår har startet!!

Ja, visste eg det ikkje.... Denne bloggen har neimen ikkje vore mykje brukt og oppdatert. Men, nytt år og nye muligheiter! :)

Det er altså blitt 2009, og eit heilt nytt år ligg framfor oss. Mitt første heile år som scrapper! Ser fram til mange gode stunder ved scrappebordet. Er heilt avhengig, ikkje minst av daglege oppdateringar på scrapbookexpress.no ! :) Anbefaler absolutt alle å ta ein tur innom der!!
Scrapbookexpress var vel strengt tatt mitt første møte med scrapping, og eg skal seie det vart full klaff!! Kjærleik ved første klikk!! Mange herlege "rosa" jenter, flotte konkurranser og utfordringar, og ikkje minst eit galleri fullt av allslags lekre scrappeskatter! Ei fantastisk kjelde til glede og inspirasjon! Stikk innom da vel! :)