torsdag 8. januar 2009

Det snør, det snør....

...tiddelibom!

Ja, så absolutt! Min kjære var ute og brøyta i fleire timar i går kveld, og no er det like ugjort. :) Ser for meg ein stampete og strabasiøs tur gjennom garden, for dei to små. Hadde jo tenkt å hente bilen frå garasjen, men slik det er no, må vi nok berre stampe oss veg dit. Tungt og kjedeleg for små føt! Men, vi har da dagen for oss, og har det ikkje akkurat så travelt! :)


Når det gjeld scrappinga, fekk eg omsider laga årets fyrste LO i går kveld! :jippi: Var så godt å sette seg ned i ro og fred, og kose seg med ark, bilde, pynt og ink!! :) Skal legge ut bilde av LO'en så snart det er brukbart dagslys til å knipse. I dag har eg planar om å byrje på eit bidrag til Skissekonken på scrapbookexpress (hurra for rosa sider!!!), og muligens eit bidrag til den fyrste utfordringa på Scrapping the music - på norsk!
Nei, da er det vel berre å utruste seg med spade og skuffe, og brøyte seg fram til garasjen! Må jo på butikken og kjøpe meir blekk til skrivaren, hvis eg har tenkt å skrive ut nokre scrapbare bilder!!

Ingen kommentarer: