Var altså å kjøpte ski til dei for eit par dagar sidan. Sidan det er mildvær og vind her no, er det berre hålke og griseføre ute. Fyrste forsøk på ski vart derfor innandørs! Jentene trava fram og attende i gangen, tur på tur! Vart reine 5-mila til slutt!! :)
Men, i dag, trass dårlig føre, tok vi med skiene ut, og tok den aller fyrste skituren! Og jentene var sååå flinke!! Stolt mamma, ja!! :) Var vanskeleg å gå pga føret, men dei prøvde med stor vilje og pågangsmot. Dei ville helst halde mamma eller pappa i handa, men dei gjekk faktisk aller best når dei prøvde seg heilt på egenhand. Eg knipsa så klart ein del bilete, og gleder meg til å scrappe dei! Her er nokre glimt av karrierestarten:
2 kommentarer:
Så herlige bilder :D
Herlige bilder! Gleder meg til vesla her kan ta på skia!! Til neste vinter :)
Legg inn en kommentar