søndag 3. juli 2011

Eit par bryllupskort

Tenkte berre eg skulle slenge inn eit par bryllupskort eg laga tidlegare i sommar/vår. Har visst ikkje fått somla meg til å legge dei ut her enno... ;)

Her har eg brukt eit Magnolia-stempel, fargelagt med Promarkers. Tekststempelet er frå Kort & Godt.
På dette har eg brukt eit bilete frå eit klippeark, men eg kjem ikkje på produsenten i farta...
Etter det "sukkersøte" rosa kortet, syntes eg det var litt artig å lage eit noko meir røft og rufsa kort med inking, riving og bølgepapp. Det kvite arket inni kortet var ferdigstansa! Me like!! ;)
Takk for titten, tudelidu!

1 kommentar:

Frk. Bogstad sa...

Hei på deg :)
Her på bloggen din har eg funne mykje fint :) Du e flink med fargar du :D Desse korta va nydelege. Flott pynta. Likte det nederste best :) For det va litt røffare.
Klem frå Audhild