Sola skin frå blå himmel og fuglane syng..., men det ville vel vere ein overdrivelse å kalle det vår! Heilt kvitt ute enda, og kaldt. 14 minus då eg stod opp i dag.
Men, så lenge ein kan kle på seg, er det jo greit det! Jentene og eg har nytt sola og ete lunsj på verandaen i dag! Iført varmedress, lue og vottar! Ser det ikkje herleg ut?
Layouten under her, var fyrst tenkt som bidrag til GP#2, men vart lagt på is. Trur kanskje eg angrar litt på det no. :( Men, men! Herlege fotomodeller!! :) :)
På dei rosa sidene har vi og hatt ei ny Vi-lifter-kvarandre-runde. Eg lifta albha sin nyyyydelege "Gode minner". Litt skummelt, sidan originalen er så flott, men artig å gjere eit forsøk. Bildet er av min kjære då han var ein liten søt gut! *smelt* (No er han stor og kjekk!! :D )

Då gjenstår det berre å ønskje alle ein strålande torsdag vidare! Snart helg! :)
