lørdag 31. januar 2009

Nokre nye LO'ar ++

Hei og god laurdag!
Her er det nyyydeleg vær i dag! Kaldt og knall sol frå skyfri himmel!! :)
Og eg sitt altså inne.... :( Influensaen heng såpass i enno, at eg og jentene held oss inne. Etter alt det uværet som har vore sidan nyttår, er det passe kjedeleg å måtte vere inne når det omsider er så knallfint vær ute. Men, men, får nytte tida til klesvask og scrapping! ;)

Har ikkje fått scrappa så mykje denne veka pga sjukdom, men ørlite grann har det da vorte. Tre bidrag til ulike utfordringar på Scrapbookexpress.

BOM-Januar.
Her skulle vi scrappe eit nyttårsforsett. Har vanlegvis ikkje slike forsett, men når DT utfordrar, så.... ;) Har lenge hatt dårleg samvittighet for alle kokebøkene som berre står til pynt og aldri vert brukte. Mitt nyttårsforsett for 2009 er derfor å lage noko "nytt" med utgangspunkt i ei av dei mange kokebøkene, minst to gonger pr mnd.

Har gjort eit ørlite forsøk på color blocking, men med varierande hell. Men, det er da greit å sjå at det er store rom for forbedring! Hadde jo vore kjedeleg å vore heilt utlært med ein gong!! :D

PS: Ikkje spør korleis det har gått med nyttårsforsettet så langt.... *rødme*
Skissekonkurranse veke 4.
Har brukt dei siste storfene frå sangen "The Rose", best kjent med Bette Midler.


Scrapliftutfordringa veke 3-5.
Denne var vrang altså!! Bilder på skakke, mykje maling og røffe detaljer, og mykje pynt eg ikkje har!! Godt utgangspunkt! ;) Og når ein plusser på litt feber og bihulebetennelse i sluttspurten, så vert det jo riktig bra!! Bildene viser altså mine kjære små som et pannekaker med blåbærsyltetøy. Ein av dei store favorittane!! Da et dei med heile fjeset!


Vel, det var ei lita oppdatering herifrå. No må eg prøve å få scrappa litt!! :) :)

fredag 30. januar 2009

Share the love!!

I heile februar skal vi feire og dele kjærleiken på dei herlege rosa sidene (Scrapbookexpress, for uinnvidde... ;) ). Nærmere bestemt kjærleiken til verdas beste hobby / livsstil: scrapping, så klart!
Då eg byrja å scrappe for ganske nøyaktig 1 år sidan, trudde eg eigentleg ikkje at dette var noko for meg. Null teft for form og farge og med kreativitet som eit respatexbord, såg eg vel ikkje for meg den heilt store kjærleiken!! :) Men, så feil kan ein altså ta!! Eg simpelthen ELSKER scrapping!!! :) :) :) Så, uansett om du i utgangspunktet trur dette kan vere noko for deg, eller ikkje. PRØV!!! Dette er ein hobby som passar alle!

Og treng du inspirasjon, eller det er noko du lurer på, har eg eitt godt råd: Meld deg inn på scrapbookexpress.no! Her finn du eit overdådig og alltid inspirerande galleri, og ikkje minst ein stor gjeng herlege damer!! Eit godt sted å vere, enkelt og greitt! :)


I samband med "Share the Love", ligg det no ute ein lekker blogcandy der. Sjekk dette snopet:

Det er med andre ord ingenting å vente på: Sjekk ut dei rosa sidene ASAP!! :)

tirsdag 27. januar 2009

Glade jul! og hurra for Basic Grey!!

...... Ja da, veit at vi nærmar oss februar...!! Men, i helga har eg storkosa meg med julepapir og julebilde. Synes bilda i frå julekvelden er så rotete og vanskelege å scrappe, men bestemte meg for at eg SKULLE gjere det!! Og med dei nyyyydelege arka frå Wassail-serien il Basic Grey, hadde eg strengt tatt inga unnskyldning for å la vere heller!
Men, litt enkelt må det jo vere lov å gjere det, så eg hurtigscrappa eit par 12x12 LO'ar med tilsaman seks bilde frå julekvelden. I tillegg laga eg ein "LO" til å oppbevare alle dei koselege julekorta vi fekk, i. Til jul i år skal eg heilt klart lage ein slik ein på førehand, og henge opp, og putte korta nedi etterkvart.




Og som om ikkje dette var nok, ligg det no ute ei produktutfordring frå DesignTeamet på Scrapbookexpress . Og det gjeld nettopp Basic Grey! Oppgåva er ganske enkel: Scrap en LO eller noko anna, kor minst 50% av produkta er frå BG. LOVE IT!!!!!!!!! :) :) :) Begge dei to jule-LOane kvalifiserer så absolutt, for der er det nesten 100% BG!! hi hi!! Men, det var ein annan ein eg la inn som bidrag til utfordringa. Denne viser min kjære då han var ein liten søt gut! ;) God da!! :)


Alle papira på denne er fra Wassail-serien, og spesielt det bakgrunnsarket ("Snow Storm") synes eg er sååå fint! Bokstavane i tittelen er og BG, frå "Two Scoops"-serien. I tillegg er det litt Magic Mesh, ein tekstboks frå Ladybug and friends og ein chipboardbokstav kledd med Bazzill.

I grunnen godt fornøgd med denne. Likte at mange av fargane i bilde gjekk att i arka, og så kunne eg bruke den blå farga frå lua på tittel, chipboardbokstaven og brads. Som avslutning har eg sydd rundt heile LOen med symaskina mi. Ville egentleg bruke raud sytråd, men det var tomt etter at eg hadde sydd julekort-LOen!! :) Og tålmod eig eg ikkje, så då var det berre å bruke noko anna!! Kunne jo ikkje vente til eg fekk kjøpt ny sytråd....! ;)

søndag 25. januar 2009

Artig utfordring! :)

Eg har fått følgande utfordring frå både Bealor/Beate og Merete:


1. Gå til foto/mapper

2. Ta ut den 6. mappen

3. Finn det 6. bildet

4. Sett bildet på bloggen og skriv noe om dette bildet

5. Inviter 6 nye til å bli med på denne utfordringen.

Link til dem, og la dem vite at de er utfordret


Var igrunnen litt spent på kva bilde dette kom til å bli, for i dei mappene mine er det mykje rart... Og ikkje alt like bra...

Men, det viste seg faktisk å vere eit herleg fotball-bilde av Ragnhild:

Bildet er tatt i Ulvik i fjor sommar. Vi var på sommarferie, men det var både kaldt og vått ute, så vi måtte kle oss godt og halde oss i aktivitet! Her er Ragnhild klar til angrep! :)
Kan vel ikkje seie at jentene hadde heilt god ballkontroll enno, men innsatsen var det iallefall ikkje noko i vegen med! :)
Eg vil gje utfordringa vidare til desse seks:

lørdag 24. januar 2009

ÅD veke 4: "1-2-3 Hopp"

ÅD-oppgåva for veke 4 på dei rosa sidene var å bruke band. Der slit eg.... Får det berre ikkje til!! Men, eg måtte jo prøve å få til eit bidrag denne veka og. Visste at eg skulle ha ein del meter liggande, men i kaoset på scrapperommet, fann eg berre ein brøkdel! Fyrst då eg var ferdig med LO'en, fann eg masse lekre band, i ein apotekpose langt innunder scrappepulten.... Mens eg i boksen merka "Bånd, blonder etc", fann ein lenge savna chipboard-swirl, ei cats eye stempelpute og ein mengder med brads.... Var igrunnen på tide med ei real opprydding!

Nok om det, LO'en vart altså som den vart!

Må forresten anbefale alle ein tur innom scrapbookexpress! Sjekk ut den stilige nye framsida der!!

onsdag 21. januar 2009

"I vinterskogen" - skissekonkurranse veke 3

Sist vekes skissekonkurranse på Scrapbookexpress, var både utfordrande og veldig morosam! Med alle element på skeive, var det berre å halde tunga rett i munnen! :)

Bilda er frå 1. juledag (-08), då jentene, Håvard, mor og eg gjekk tur langs skogsbilvegen. Det var nydeleg vintersol, men kaldt! Jentene var førstepilotar på kvart sitt akebrett (dei gode gamle som eg og bror brukte for 25-30 år sidan!!)!


Papirene er frå Wassail-serien til Basic Grey (gotta love them!!!), og bakgrunnsarket er og BG, Sugared-serien, trur eg! Har berre scrappa eit lite år, men BG har vore ein favoritt heilt frå starten!! Så nydelege ark og fargar!! Vil ha (meir)!!! :)

lørdag 17. januar 2009

Nok ein award! :)

Eg har fått ein kjempekoseleg award frå Merete / Pingvinhockey!

Og for denne fabelaktige awarden, gjeld følgande reglar:
1. Put a link on your blog from whom you got it.
2. Give it to 5 new blogs (which in their turn have to give it to 5 new blogs).
3. Put a link on your blog to those blogs you give it to.
4. Give the blogs you give the award to a note that you have given them this award.
5. Write 5 things you are addicted to

Dei fem eg ønskjer å gje awarden vidare til, er:
Og fem ting eg er avhengig av??! Eh..., det må bli:
1. Familien min
2. Søvn
3. Gode sko
4. Scrapping
5. God mat og drikke
For eksempel...!! :)

fredag 16. januar 2009

Årets Designer veke 3: "Fars dåp"

Denne veka var ÅD-oppgåva å bruke distressing (gje ein slitt og gamal utsjånad) på ein LO etc. Eg ville bruke eit gamalt bilde, for å lettare få ein gjennomført "gamaldags" stil. Fann dette bildet frå dåpsdagen til far. Då far sjekka dåpsattesten sin for å finne datoen, visste det seg at han vart døypt på dagen 31 år før eg vart fødd! :)


For å distresse, har eg rive og skrapa kantane på arka, brukt ink (cats eye), pussa bildekanten med sandpapir og farga nokre av elementa med kaffe.

Årets fyrste scraplift: "Smil, latter, glede"

Satsar friskt på nyåret, og hadde så klart med eit bidrag til årets fyrste scrapliftutfordring på scrapbookexpress. Layouten vi skulle lifte var berre råflott, og for kvar gong eg titta på den, fann eg stadig nytt stæsj, nye detaljar og element! Puh!! Men, eg fekk da rota saman noko.

Er så glad i spesielt det eine bildet, der begge jentene er med, så slik sett er eg brukbart fornøgd med den. Antall stemmer derimot.... hihi.... :) Men, artig lell!! ;)
Stooorkoser meg med scrappinga for tida!! :jippi:

torsdag 15. januar 2009

Eg har fått ein award!! :)

Eg har fått denne kjempekoselege awarden frå Smuti/Marit! Marit har ein flott blogg som er vel verdt å besøke, og ho ho scrappar små kunstverk!!

Eg ønskjer å gje awarden vidare til to andre forumvenninner frå dei rosa sidene , nemleg Nina (som ein del kanskje kjenner som nip) og Merete (eller Pingvinhockey)!

Vil anbefale alle å titte innom bloggane deira, og sjå på dei nydelege LO'ane og bilda dei har der!!