tirsdag 8. november 2011

"Howdy! It is two new sheriffs in town"

I november er "Utkledning" månedens scrappetema inne i Scrappeland.

Og slik vart mitt bidrag:


Bildet er frå karneval i februar. Søte sheriffar!! ;)
Litt dårleg bilde av LOen (forbaska mørketid....), fargane kjem ikkje heilt godt fram.

søndag 6. november 2011

Nokre julekort og ei julepostkasse!

Sjølv om været ikkje vitner om det, så nærmer det seg faktisk adventstid og etterkvart jul. Ute er det regn, skodde og 6-7 plussgrader?!?  Greit, eigentleg...! ;)

Men, kalenderen viser altså like fullt november, og i haugane med scrappesaker og papir, stikk det fram nydelege julepapir som berre MÅ bli brukt!! :))
Så, i helga har eg faktisk produsert nokre julekort. :)  Har eit par til på lur, som ikkje er heilt ferdige enno. Og enda fleire skal vel sikkert lagast og! ;)





Og så må eg vise fram Julepostkassa eg lagde på Norddalstreffet!!  Tuuusen takk til Heidi Søbakken som holdt kurset, og som hadde skore ut og stempla opp og gjort ein kjempejobb i forkant av kurset!!! :)


*****
Tudelidu!!

søndag 30. oktober 2011

Skissedilla #134 + eit "skuffekort"

Her er mitt bidrag til vekas herlege skisse inne på Skissedilla.
Har brukt kvit Bazzill (what else is new... ;) ), mist og restepapir.


Ellers har eg prøvd meg på eit såkalla "skuffe-kort" i helga. Fekk tips om ein super tutorial her: http://merethesscrapperier.blogspot.com/2011/10/steg-for-steg-skuffekort-totourial.html !
Ikkje verdens finaste fargar etc, men denne er vel strengt tatt å rekne for ein "prøveklut". ;)
Artig var det iallefall! :)
Skuffekortet bruker eg som bidrag til sponsorutfordringa inne på Scrappeland! Og i Scrappeland har det vore "offisiell opning" i dag!!! :))))) HURRA!!!!! :)))

Ellers ein roleg søndag her i heimen. Husbonden er på jakt, siste dag i elgjakta i dag, så dei skal nok drive på så lenge dei kan! ;)

Tudelidu!!




fredag 21. oktober 2011

På flyttefot....

Ja, det høyres vel strengt tatt litt meir "alvorleg" ut enn det er, men samstundes så er det jammen meg alvorleg nok for oss det gjeld!!
Flyttinga inneber heldigvis ikkje pakking av alt i hus og heim og heller ikkje endring av postadresse. Men, endring av nettadresse, derimot...!! Og korleis det vert med statsborgarskap er eg neimen ikkje heilt sikker på..! ;))  Jepp, eg er i ferd med å flytte inn i eit heilt nytt land; Scrappeland.no!! :)))))

Dei rosa sidene skal, etter 8 år, dessverre leggast ned ved nyttår. Det har jo vore "min andre heim" sidan februar 2008, så det er ikkje fritt for at nedlegginga er både trist og litt "skummel". Ikkje minst har både eg og andre lurt på kor i all verda vi skal gjere av oss!  (Ja, må berre ikkje tru anna enn at dette er alvor!!)
Men, det finnes jo så mange herlege og kreative sjeler der ute, og trur de ikkje at nokre av dei rosa damene, med Scrappegal Sørlending (med følge! ;) )i spissen, har komme oss til unnsetning?!???
Den 30. oktober er det offisiell opning av det heilt nye Scrappelandet!! :))  Men alt no er det mogleg å registrere seg og gjere seg kjent med alle dei supre innbyggerane der!  Det har eg gjort, og det anbefaler eg DEG og gjere og!! :))


Så, da ser eg deg vel snart i Scrappeland?? ;)  Bra!!

lørdag 1. oktober 2011

Eg vann!!!!!

Ja, eg vann faktisk heile Scrappeduellen på Scrapbookexpress!!! :) :) :) :)

Eg er heilt overvelda over alle stemmene eg fekk!!  Gjett om dette var skikkeleg inspirasjon for å scrappe meir, da?!? ;))  Etter tilnærma tørke i sommar, er verkeleg scrappelysta på tur attende no, ja! :)

Her er finalebidraga mine:
Oppgåve 1 var å scrappe ein LO om meg sjølv i 2011, med eitt eller fleire bilete av meg, minst 50 ord med tekst og så skulle vi ha med noko rosa.


Oppgåve 2 var å scrappe ein Clean & Simple-LO, ha med farga grøn og ein dyrefigur.



****
No er det oktober, ute ligg skodda tjukk, men eg trur nok sola snart får jaga ho vekk slik at vi får en flott haustdag. Håpar iallefall det...! ;)
Uansett håpar eg hausten vil gje anledning til mang ei god scrappestund! :)


Tudelidu!

fredag 30. september 2011

Skissedilla 130 - Kuule med Kitty-solbriller

Her er mitt bidrag til vekas skisse hjå Skissedilla.

Bileta er av tullene som hadde fått nye kuuule Hello Kitty-solbriller! Vart ikkje mykje bruk for solbriller i sommar, men...

søndag 25. september 2011

Scrappeduell

Lenge sidan siste oppdatering!
Tida flyg, og jobb, heim og familie krever sitt; så akkurat scrapping og/eller bloggtid er ikkje veldig høgt prioritert om dagen.
Men, litt scrapping har det da blitt! :)  Er nemleg med på Scrappeduellen på Scrapbookexpress. Då eg skreiv forrige blogginnlegg, hadde eg akkurat laga eit bidrag til fyrste runde. Då var oppgåva ei skisse. Og slik vart mitt bidrag:

Og det gjekk faktisk ganske så bra! Så, da var det klart for neste runde. Der skulle vi lifte ein LO. Resultat:

Er ikkje fornøgd med bidraget mitt, fekk ingen heilheit i LOen. Men, faktisk så vann eg likevel duellen min, og gjekk vidare til kvartfinala!! :)

Oppgåva i den runda var å få inspirasjon frå eit bilete og å bruke blondar. Eg vart inspirert av vatn og beige duse fargar. Biletet er frå ein tur vi gjekk til Svarttjønne i sommar:


Og jammen vart det semifinale på meg og! :)))) Oppgåve: Scrappe i clusterstil, bruke minst fire sterke klare fargar og bruke minst tre mønsterark. Cluster er jo heilt klart ein av mine favorittstilar og scrappe, men eg var litt spent på om eg hadde nok fargerikt papir... ;)  Brukte fargane i biletet til å bli inspirert:


Det heile gjekk langt over mine forventningar, og det var jammen meg finaleplass på meg!! :)  Hadde ikkje drøymt om det da konkurransa starta. Akkurat no ligg finalebidraga ute til avstemning. Vi skulle scrappe to LOar kvar. Og "motstandaren" min er ingen ringare enn ruffa!!! *hjeeelp*
Uansett korleis det går, er eg såååå kjempefornøgd og glad for å ha kome så langt!!
:)))))


Tudelidu!

søndag 21. august 2011

Scrapbookexpress' Sommershow

Ja, no går sommaren, og også Scrapbookexpress' Sommershow heilt klart mot slutten. Ute bles og regnar det, og i kveld går fristen ut for å levere bidrag til DT's herlege sommarshow på dei rosa sidene. Hadde planar om å gjere sååå mange av oppgåvene, men det har jo vore heilt stillstans på scrappefronten i mange veker no.
Fekk riktignok laga eit par bidrag medan vi var på ferie i Ulvik, og no i helga har eg jammen meg kosa meg med bilete, papir, ink og skjærebrett!! :)) Så godt!
Helga starta med at min kjære og bofsen for til fjells på garnfiske, og jentene var hjå svigermor. Så fredagskvelden var faktisk heilt min eigen!! :) Den vart nytta til scrapping, film og smågodt! :D
Og når scrappesakene fyrst låg framme, vart det jammen litt både i går kveld og på dagen i dag og! Har faktisk laga tre LO'ar (to er innsendt til konkurransar, så dei får vente litt) og byrja på eit kort! :)

Ja, desse konkurransane... Denne veka starta ei ny konkurranse på Scrapbookexpress: "Scrappeduellen" (synes det er så bra eit namn: "Scrappe du Ellen? Ja, det gjer e!! ;) ). Var fyrst ei oppvarmingsrunde, men den fekk eg ikkje gjort, men den var heldigvis ikkje "obligatorisk". Men før helga kom fyrste ordentlege oppgåva, og den har frist på tysdag. Visste at om eg skulle få tid til ho, måtte eg gjere det i helga. Så, det var vel eigentleg den som fekk meg i gang att! Takk for det!! ;)

Men, attende til Sommershowet. Slik vart mine tre bidrag:
Denne LO'en hadde følgjande kriterie: Bileta skulle vere av natur eller bygningar, det skulle vere med minst to tag'ar og det skulle vere ei ramme av eit eller anna slag der.
Bileta er frå Peterskyrkja i Roma, frå turen mor og eg hadde for tre år sidan. (Herlighet! Tre år?!?!? Kor blir tida av?!?!???)

Her skulle vi lage ein LO eller eit kort ut frå ei skisse. Og eg laga altså denne LO'en av tullene som sitt og kosar seg med kvar si bok.

Til slutt vart det denne "raringen", der oppgåva var å lage ein LO med humor... Ikkje berre enkelt å vite kva andre synes er humor, men eg drog iallefall på glisebandet av denne bølingen med kyr som tok ein titt på bilen vår på setra i sommar. Og tittelen måtte jo berre bli noko med møøø, og da vart det altså Møøøkkabil! ;) Stakkars hurken!! ;)

I ettermiddag baka jentene og eg kjempegode kveitebollar (oppskrift frå Schakenda! Anbefalast!!!), så no har vi kosa oss med nystekte bollar og kakao til kvelds. Joda, hausten har og sine gode sider! ;)

Ha ein fin sundagskveld, og ta vare på kvarandre. Rørande bilete frå nasjonal minnemarkering i Oslo i dag. Kongen si tale fekk fram tårene att. Godt å vere saman med dei kjæraste no.


torsdag 4. august 2011

Origamieske

Juhu!! Endeleg litt papirsyslar att!! :D
Har kost meg med det nyaste Ett trykk, og det var som vanleg proppfullt av inspirasjon! :) Og denne gongen hadde dei ei trinn-for-trinn-forklaring på origamieske med lokk. Og eg berre MÅTTE prøve!! ;)
No var nok papira eg brukte litt for tjukke og stive, men det betyr berre at eg må prøve att seinare og, med tynnare papir...! ;)))

Eg har brukt papirer frå den utruleg nydelege Lantliv-serien frå Maja Design, kvit bazzill, punch frå Martha Steward og ei pyntenål.
Og slik vart altså resultatet:

Etter fleire dagar med både sol og gode temperaturer melder dei no stort sett regn, regn og kanskje litt regn framover... Men det treng ikkje vere berre negativt det..., skal sjå det vert ein tur eller to ned i scrappekroken! ;)

Ha ein fin kveld vidare, og ta vare på kvarandre! <3
Tudelidu!

fredag 29. juli 2011

Ei lang veke...

Dette har vore ei lang, merkeleg og vond veke. Terrorangrepet mot Regjeringskvartalet og massakeren av mange uskyldige ungar og ungdommar på Utøya har snudd landet på hovudet. Ingen har kunne unngått å bli berørt av det som har skjedd, og eg trur dei aller fleste av oss har kjent på ein sorg, uansett om vi kjenner folk som er direkte berørte eller ikkje.
Slik har det iallefall vore for meg. Tanken på dei stakkars menneska som vart råka, på dei pårørande og særleg på dei fleire hundre ungdommane som opplevde helvete på jord sist fredag har vore så inderleg vondt og heilt totalt ufatteleg! Korleis kan ein vaksen mann sjå uskyldige hjelpeslause ungar inn i auga, og med kaldt blod henrette dei?!???? Det verkar inni meg og tårane trillar.

Og midt oppi denne grusomme og uverkelege tida, har eit samhold og ein kjærleik vokse opp i heile landet. Overalt har folk holde hender, gått i tog, lagt ned blomar, halde apellar og vist si medkjensle med dei involverte, og med kjærleik stått opp mot det hatet og dei sinnssjuke forestillingane til monsteret som for ei veke sidan forsøkte å øydelegge ein liten bit av oss alle.
Statsminister Stoltenberg, resten av regjeringa, politi og hjelpemannskapar har gjort ein fantastisk jobb. Eg er rett og slett mektig imponert! Eg kan nok ofte vere ueinig i mykje kanskje spesielt fyrstnemnte seier og gjer, men denne siste veka har Jens Stoltenberg stått fram som den beste leiaren landet Noreg kan be om.

Korleis framtida blir? For oss som var så heldige og ikkje ha kjente som vart råka, som ikkje kjenner nokon som har mista sine kjæraste, så kjem vel kvardagen smått om senn attende til det faste. Små bagatellar vil igjen irritere og provosere, krangling og ukvemsord vil igjen bli kvardagsleg og kva ein skal ha til middag vil igjen bli dagens store bekymring. Men ein ting er heilt sikkert; det vil uansett bli eit Noreg før og etter 22.juli 2011, og vi som opplevde denne dagen, anten på nært hald, via tv-skjermen eller anna media, vi vil aldri gløyme denne dagen, ofra, hatet og det enorme samholdet.

Eg sender mine varmaste tankar til alle ofra og dei pårørande, og lyser fred over minnet til alle dei som så brutalt vart rivne bort.

(bilde funne på nettet)