lørdag 14. mars 2009

Litt scrapping og litt billedvev, og vår i lufta!

Ja, eg tør påstå at det er vår i lufta, sjøl om det er full vinter ute enda! :) Snøen ligg tjukk, men den siste veka har det vore knallflott vær, og det smeltar da litt slik smått om senn! Så herleg å høyre at det renn av taka, og at fuglane kvitrar! Var ute og måka av ein del av snøen på verandaen i dag, må jo hjelpe våren litt! :)

Men, trass nydeleg vær, har det og vorte nogre økter inne, med både billedvev og scrapping.
Billedveven eg driv med heiter "Januarsol". Mykje grått, men eigentleg eit veldig fint og stemningsfullt bilde! Er omtrent halvvegs, men heldigvis over nokre av dei verste og mest tidkrevjande partia. Og for "uinnvidde", så vev vi altså "sidelengs", så nokre av bilda under her er snudd 90 grader! :)

Ellers har eg scrappa nokre layoutar siste tida og. Ikkje alle eg kan legge ut enno, pga konkurranse, men her kjem nokre:

Eit lite forsøk på clean & simple... Ikkje fornøgd med resultatet, men eg liker bildene. Dei viser altså mine to håpefulle som leiker med gard og dyr! Ein stor aktivitet her i huset! :) Køyrer gjerne traktor med rundball for å fore dyra her, ja! *LOL*

Her er bidraget mitt til scrapliftutfordringa veke 9-11 på scrapbookexpress. LO'en vi skulle lifte var berre sååå stilig, så det var nesten skummelt å prøve, men resultatet vart da ikkje så verst, eigentleg! ;)

Kvar månad legg Design Teamet på dei rosa sidene ut herlege og utfordrande konkurransar for oss medlemmane, og i mars er temaet for månadskonken TALL. I tillegg skulle vi "klæsje" og "kline" med lim etc. No har jo talet to (2) ganske stor betydning i livet mitt, så eg scrappa ein layout nettopp om den dagen eg fekk vite at eg hadde TO små nurk i magen! :) Det er ein dag eg aldri kjem til å gløyme, men no har eg da i tillegg skribla ned korleis det var. Sirkelen var på ein måte meint å skulle symbolisere den etterkvart veldig store magen min( ja, stor i svangerskapet, altså!!! :) :) ), men fekk det ikkje heilt til, slik eg hadde tenkt det.


Ja, ja, det var litt av det eg har pusla med siste tida. No er det laurdagskveld og tippeliga-kamp på TV.... Oh lykke.... ;) Blir film på DVD, ja!! :)

Ha ein flott laurdagskveld alle saman!! *klem*



1 kommentar:

Merete sa...

Åh...det bildet ser ut til å blir kjempeflott! Gleder meg til å se det ferdig! Flotte LO'er! Syns du er veldig produktiv nå - gøy å se:)