Slik har det iallefall vore for meg. Tanken på dei stakkars menneska som vart råka, på dei pårørande og særleg på dei fleire hundre ungdommane som opplevde helvete på jord sist fredag har vore så inderleg vondt og heilt totalt ufatteleg! Korleis kan ein vaksen mann sjå uskyldige hjelpeslause ungar inn i auga, og med kaldt blod henrette dei?!???? Det verkar inni meg og tårane trillar.
Og midt oppi denne grusomme og uverkelege tida, har eit samhold og ein kjærleik vokse opp i heile landet. Overalt har folk holde hender, gått i tog, lagt ned blomar, halde apellar og vist si medkjensle med dei involverte, og med kjærleik stått opp mot det hatet og dei sinnssjuke forestillingane til monsteret som for ei veke sidan forsøkte å øydelegge ein liten bit av oss alle.
Statsminister Stoltenberg, resten av regjeringa, politi og hjelpemannskapar har gjort ein fantastisk jobb. Eg er rett og slett mektig imponert! Eg kan nok ofte vere ueinig i mykje kanskje spesielt fyrstnemnte seier og gjer, men denne siste veka har Jens Stoltenberg stått fram som den beste leiaren landet Noreg kan be om.
Korleis framtida blir? For oss som var så heldige og ikkje ha kjente som vart råka, som ikkje kjenner nokon som har mista sine kjæraste, så kjem vel kvardagen smått om senn attende til det faste. Små bagatellar vil igjen irritere og provosere, krangling og ukvemsord vil igjen bli kvardagsleg og kva ein skal ha til middag vil igjen bli dagens store bekymring. Men ein ting er heilt sikkert; det vil uansett bli eit Noreg før og etter 22.juli 2011, og vi som opplevde denne dagen, anten på nært hald, via tv-skjermen eller anna media, vi vil aldri gløyme denne dagen, ofra, hatet og det enorme samholdet.
Eg sender mine varmaste tankar til alle ofra og dei pårørande, og lyser fred over minnet til alle dei som så brutalt vart rivne bort.
(bilde funne på nettet)

På dette har eg brukt eit bilete frå eit klippeark, men eg kjem ikkje på produsenten i farta...

Var kjekt å kunne titte innom nokre utfordringsbloggar for litt inspirasjon og tips til skisse og fargar etc!
Har brukt kvit bazzill, mønsterpapir frå ein bryllupsserie frå TPC Studio, MS-sommerfugl-punch (love it!!!!), Fiskars hjertepunch, papirroser frå Papirloftet og Papir Design, halvperler og ringene er klistremerker. "Kjære brudepar"-stempelet er frå Kort og Godt og det andre tekststempelet er eg ikkje sikker på kor er i frå..? I tillegg har eg brukt Spellbinder-dies, og alle kantane er sverta med Cats Eye "Chestnut roan".
Har brukt Bazzill (raud og kraft), mønsterark frå Nook&Pantry-serien til Basic Grey, hekla blonde og blondebrikke, papirroser frå Papirloftet og Prima, bling frå Kort & Godt og Prima, thickers frå American Crafts, minialfa Adornit, tagen er av ukjent produsent. Ja, og så er det vel eit par metall-charms og litt bølgepapp der og!