lørdag 10. november 2012

Eit lite "boks-kort"

Hei igjen! ;)

Fann oppskrift på ein nett liten boks/kort i eit "Ett trykk"-blad, og har lenge tenkt eg skulle ha prøvd meg på dette. "Boksen" passar til nokre telys, ein liten smykkeeske, pengar eller kanskje ein liten, men god sjokolade! ;)  Har brukt grønt og kvitt, men med litt "julete" papir. Håper å kunne bruke kortet som ei lita julehelsing.

Deltek med "kortet" hjå Sketchy Colors og Nordsalten Hobbyklubb.







Takk for titten! :)

Kort i grønt og kvitt

Heisann!

Etter eit triveleg lite scrappetreff forrige helg, trur eg nesten eg sånn smått er i gang att! :) :)  Så langt har det gått mest i kort, men så lenge eg koser meg med det, er vel det ok! ;)

Har laga eit kort i grønt og kvitt, med eit nydeleg stempel frå Bildmålarna. :)  Må utvide Promarker-utvalet mitt, for eg fann fleire farger eg ikkje har, men absolutt kunne tenkt meg å brukt på dette stempeltrykket. Aldri feil å scrappe-shoppe...! ;)

Kortet er laga utfrå ei skisse hjå CLP, fargene er tilpassa ei oppgåve hjå Sketchy Colors, og ellers er altså Bildmålarna og Passion for Promarkers inni bildet her! :)

Have made a card in green and white. The stamp is from Bildmålarna, and is colored with Promarkers. Have used a sketch from CLP Challenge blog, and the colors are from this weeks challenge at Sketchy colors.






Deltek med kortet i desse utfordringane: / Enter these challenges with this card:


Takk for titten! :)



lørdag 25. august 2012

Eit enkelt bursdagskort

Vart jammen eit kort til med ein gong! :)  Måtte hive saman eit enkelt kort siden jentene skulle i gebursdag i dag. Litt kjekt å ha heimelaga kort til pakka! :)

Har brukt månadens skisse hjå CLP Challenge Blog som utgangspunkt, og deltok med kortet der.

A simple birthdaycard this time. Have used this months sketch on CLP Challenge Blog (#50), and enter their competition with the card. 


Ha ein fortsatt fin-fin kveld! :) Tudelidu! :)

fredag 24. august 2012

Eit kort!! :)

Ja tru det eller ei, men eg har faktisk laga eit kort!! :)  Lenge sidan eg har så mykje som sett på scrappesakene mine.
Fekk bestilling på eit konfirmasjonskort, og klarte sjølvsagt ikkje seie nei, så da var det berre å gå i gang! ;)

Har brukt ei super skisse frå Sketchy Colors som utgangspunkt. Stempelet er eigentleg to Magnolia-stempel som er montert saman og papira er frå Maja Design. Inni kortet (tok dessverre ikkje bilde, og no er kortet overlevert) er det plass til personleg helsing, samt ei penge-lomme.

Deltek i Sketchy Colors # 127 med kortet.


Takk for titten, og god helg!! :)

tirsdag 13. mars 2012

Scrappolympics!

Yes! Inne i Scrappeland har vi tent den scrappolympiske ild!! :)))
Så langt har vi vore gjennom fakkelstafett, inngangsmarsj, stafett, synkronscrapping og er i tillegg godt i gang med både kommentarutfordring og ikkje minst scrapathon! :)) Kan jo bli anpusten av mindre!

Tenkte berre eg skulle legge ut bidraga mine sålangt (av dei eg kan vise no).

Fakkelstafett:
Her fekk kvart fylke eit tema. Vi i Oppland skulle bli inspirerte av temaet vinteraktivitet og/eller eit bilde fra opningsseremonien fra OL-94.
Her er mitt bidrag, som slett ikkje vart heilt som eg hadde tenkt... :-/

Fredag gjekk startsskuddet for stafetten, der fyrstemann på kvart lag skulle scrappe ut frå ei skisse. Nestemann skulle så lifte det fyrste bidraget, men endre ein ting, osv.
Eg var fyrst på laget mitt, men siden oppgava vart lagt ut på morgonen, og eg hadde ein lang dag på jobb, kom eg alt for seint i gang... :( Men, det vart då 2. plass til slutt.
Bidraget mitt vart slik: (skissa var frå Pagemaps)

Scrapathon er og godt i gang, og det med 60 (!!!!) oppgåver!! :))) Absolutt ein heil del for ein kvar smak der altså!! :)  Scrapathon pågår gjennom heile olympiaden, så eg håper å få til enda fleire bidrag her etterkvart. Sålangt har eg fem, og er igrunnen fornøgd med det! :)

#11 - Minst 100 ord journaling

#19 - Dobbel LO

#20 - Finn deg ei skisse (har brukt ei av januar-skissene frå PageMaps)

#22 - Lift noko frå Scrappeland-galleriet (eg har lifta ein av Hanne sine flotte dobbelt-LOar)

#57 - Hjerter


Nei, på tide og rive seg laus frå både pc og scrappesaker, og sette i gang med rydding og vasking... Oh lykke...! ;)

Tudelidu!!

mandag 12. mars 2012

Scrappehusets Gjesterom - utfordring: Mist og White Space

Det er heilt fantastisk, eg er faktisk skikkeleg i siget med scrappinga igjen!! Jippi!!! :)))
Etter ei lang tørkeperiode, har det dei siste par vekene blitt fleire LOar, både enkle og doble! :)  
Akkurat no om dagen går det for full rulle i Scrappeland der det arrangeres Scrappolympics! :)

Men, før det tok til, kom eg over ei kjempeflott utfordring og masse herleg inspirasjon inne i Scrappehuset! Der flytta Julie inn på Gjesterommet for ei tid attende. Utfordringa denne månaden er "Mist og White Space"! Kan ikkje anna enn å elske ei slik oppgave!! :))))  Er blitt meir eller mindre avhengig av Glimmermist-flaskene mine (som stadig aukar i antall..?!?) og cluster/white space er vel favorittstilen! :))
Som vanleg bredte det seg litt meir utover enn fyrst tenkt, men skitt au, satsar på at det er white space nok!! Slik vart iallefall LOen min:


Har brukt følgande Glimmermist-farger:
Mustard Seed, Meadow Green og Graphite. Har brukt Magic Mesh og slik flaske-beskyttelse som mask. Ellers er det bølgepapp (også med mist), restepapir, tickets, journalingtag, papirklips, utklips "monster", flimstrip (TH) og div alfa-klistremerker.

Tusen takk for titten, og tudelidu!!  :)

lørdag 11. februar 2012

Eit lite kort igjen

Heisann!
Lite aktivitet både på scrappe- og bloggefronten... What else is new...?!?! ;))

Men, bittelitt papirsyslar har det da blitt i det siste. Tok oss ein tur til fagre Hardanger forrige helg, og da vart det faktisk tid til å kose seg med litt papir innimellom! :))

På dette kortet har eg brukt stempel frå Whiff of Joy som eg har fargelagt med Promarker-tusjane mine. Men denne gongen var det altså berre dei ulike grå/svarte og blenderen som vart brukt! :)  Papira er frå Tim Holtz og det same er grungeboard-figurane (swirler og "hengsler"). Rosene er frå PapirDesign, og er i likheit med grungeboard-figurane spraya med glimmermist.

On this card I've used a lovely Whiff of Joy-stamp, which I've coloured with Promarkers. But this time I only used my grey/black-colours and the blender. Cool!! :))  Papers and grungeboard-figures from Tim Holtz. The roses are from PapirDesign, and like the grungeboard-figures, they've got a layer of Glimmermist. 





Deltek i følgjande utfordringar med dette kortet / I enter these challenges with this card:


* Whiff of Joy Challenge # 122 - Black and White Images
* CLP Challenge Blog #  44 (Sketch)
* Passion for ProMarkers # 135  - Colour Theme: Grey and Purple


Ha ein strålande laurdag alle saman!!   /  Wish you all a great saturday!!   :))

mandag 23. januar 2012

Bursdagskort til storebror / birthdaycard

Har faktisk fått kosa meg litt i scrappekroken dei siste dagane! :)))
Mellom anna har endeleg ProMarker-tusjane fått lufta seg litt igjen!
Har laga kort til storebror som har gebursdag i morgon. Håper han tek det med eit smil og ikkje for personleg... ;))
(Hadde tenkt å bruke kortet i Sketchy colors utfordring nr 100, men det rakk eg dessverre ikkje, men det er altså laga etter skisse frå der.)

I've finally spent some time crafting again!!  :))  Have made this card for my big brother's birthday. Just hope he see the humour, and don't get insulted....  ;))





Deltek i følgjande utfordringar med kortet / I'm attending these challenges with this card:

* Passion for ProMarkers #132 - Humour
* CRAFT Challenge 138 - Use numbers

lørdag 14. januar 2012

Mine "12 tags of Christmas"-tags... Betre seint enn aldri....

Advent og juletid har ført med seg scrappetørke og null blogging. Fekk ikkje ein gong somla meg til å leggje ut tagene eg laga under Tim Holtz's "12 tags of Christmas" i desember.
Det var kjempeartig og inspirerande og følgje med på ein ny tag med spennande teknikkar, materialar og stæsj kvar dag. Men tid og utstyr til å prøve seg på tagene sjølv var det dårlegare med... Men, fekk da gjort eit lite forsøk på dei 5 fyrste. Og her kjem dei:





 

tirsdag 8. november 2011

"Howdy! It is two new sheriffs in town"

I november er "Utkledning" månedens scrappetema inne i Scrappeland.

Og slik vart mitt bidrag:


Bildet er frå karneval i februar. Søte sheriffar!! ;)
Litt dårleg bilde av LOen (forbaska mørketid....), fargane kjem ikkje heilt godt fram.

søndag 6. november 2011

Nokre julekort og ei julepostkasse!

Sjølv om været ikkje vitner om det, så nærmer det seg faktisk adventstid og etterkvart jul. Ute er det regn, skodde og 6-7 plussgrader?!?  Greit, eigentleg...! ;)

Men, kalenderen viser altså like fullt november, og i haugane med scrappesaker og papir, stikk det fram nydelege julepapir som berre MÅ bli brukt!! :))
Så, i helga har eg faktisk produsert nokre julekort. :)  Har eit par til på lur, som ikkje er heilt ferdige enno. Og enda fleire skal vel sikkert lagast og! ;)





Og så må eg vise fram Julepostkassa eg lagde på Norddalstreffet!!  Tuuusen takk til Heidi Søbakken som holdt kurset, og som hadde skore ut og stempla opp og gjort ein kjempejobb i forkant av kurset!!! :)


*****
Tudelidu!!

søndag 30. oktober 2011

Skissedilla #134 + eit "skuffekort"

Her er mitt bidrag til vekas herlege skisse inne på Skissedilla.
Har brukt kvit Bazzill (what else is new... ;) ), mist og restepapir.


Ellers har eg prøvd meg på eit såkalla "skuffe-kort" i helga. Fekk tips om ein super tutorial her: http://merethesscrapperier.blogspot.com/2011/10/steg-for-steg-skuffekort-totourial.html !
Ikkje verdens finaste fargar etc, men denne er vel strengt tatt å rekne for ein "prøveklut". ;)
Artig var det iallefall! :)
Skuffekortet bruker eg som bidrag til sponsorutfordringa inne på Scrappeland! Og i Scrappeland har det vore "offisiell opning" i dag!!! :))))) HURRA!!!!! :)))

Ellers ein roleg søndag her i heimen. Husbonden er på jakt, siste dag i elgjakta i dag, så dei skal nok drive på så lenge dei kan! ;)

Tudelidu!!




fredag 21. oktober 2011

På flyttefot....

Ja, det høyres vel strengt tatt litt meir "alvorleg" ut enn det er, men samstundes så er det jammen meg alvorleg nok for oss det gjeld!!
Flyttinga inneber heldigvis ikkje pakking av alt i hus og heim og heller ikkje endring av postadresse. Men, endring av nettadresse, derimot...!! Og korleis det vert med statsborgarskap er eg neimen ikkje heilt sikker på..! ;))  Jepp, eg er i ferd med å flytte inn i eit heilt nytt land; Scrappeland.no!! :)))))

Dei rosa sidene skal, etter 8 år, dessverre leggast ned ved nyttår. Det har jo vore "min andre heim" sidan februar 2008, så det er ikkje fritt for at nedlegginga er både trist og litt "skummel". Ikkje minst har både eg og andre lurt på kor i all verda vi skal gjere av oss!  (Ja, må berre ikkje tru anna enn at dette er alvor!!)
Men, det finnes jo så mange herlege og kreative sjeler der ute, og trur de ikkje at nokre av dei rosa damene, med Scrappegal Sørlending (med følge! ;) )i spissen, har komme oss til unnsetning?!???
Den 30. oktober er det offisiell opning av det heilt nye Scrappelandet!! :))  Men alt no er det mogleg å registrere seg og gjere seg kjent med alle dei supre innbyggerane der!  Det har eg gjort, og det anbefaler eg DEG og gjere og!! :))


Så, da ser eg deg vel snart i Scrappeland?? ;)  Bra!!

lørdag 1. oktober 2011

Eg vann!!!!!

Ja, eg vann faktisk heile Scrappeduellen på Scrapbookexpress!!! :) :) :) :)

Eg er heilt overvelda over alle stemmene eg fekk!!  Gjett om dette var skikkeleg inspirasjon for å scrappe meir, da?!? ;))  Etter tilnærma tørke i sommar, er verkeleg scrappelysta på tur attende no, ja! :)

Her er finalebidraga mine:
Oppgåve 1 var å scrappe ein LO om meg sjølv i 2011, med eitt eller fleire bilete av meg, minst 50 ord med tekst og så skulle vi ha med noko rosa.


Oppgåve 2 var å scrappe ein Clean & Simple-LO, ha med farga grøn og ein dyrefigur.



****
No er det oktober, ute ligg skodda tjukk, men eg trur nok sola snart får jaga ho vekk slik at vi får en flott haustdag. Håpar iallefall det...! ;)
Uansett håpar eg hausten vil gje anledning til mang ei god scrappestund! :)


Tudelidu!

fredag 30. september 2011

Skissedilla 130 - Kuule med Kitty-solbriller

Her er mitt bidrag til vekas skisse hjå Skissedilla.

Bileta er av tullene som hadde fått nye kuuule Hello Kitty-solbriller! Vart ikkje mykje bruk for solbriller i sommar, men...

søndag 25. september 2011

Scrappeduell

Lenge sidan siste oppdatering!
Tida flyg, og jobb, heim og familie krever sitt; så akkurat scrapping og/eller bloggtid er ikkje veldig høgt prioritert om dagen.
Men, litt scrapping har det da blitt! :)  Er nemleg med på Scrappeduellen på Scrapbookexpress. Då eg skreiv forrige blogginnlegg, hadde eg akkurat laga eit bidrag til fyrste runde. Då var oppgåva ei skisse. Og slik vart mitt bidrag:

Og det gjekk faktisk ganske så bra! Så, da var det klart for neste runde. Der skulle vi lifte ein LO. Resultat:

Er ikkje fornøgd med bidraget mitt, fekk ingen heilheit i LOen. Men, faktisk så vann eg likevel duellen min, og gjekk vidare til kvartfinala!! :)

Oppgåva i den runda var å få inspirasjon frå eit bilete og å bruke blondar. Eg vart inspirert av vatn og beige duse fargar. Biletet er frå ein tur vi gjekk til Svarttjønne i sommar:


Og jammen vart det semifinale på meg og! :)))) Oppgåve: Scrappe i clusterstil, bruke minst fire sterke klare fargar og bruke minst tre mønsterark. Cluster er jo heilt klart ein av mine favorittstilar og scrappe, men eg var litt spent på om eg hadde nok fargerikt papir... ;)  Brukte fargane i biletet til å bli inspirert:


Det heile gjekk langt over mine forventningar, og det var jammen meg finaleplass på meg!! :)  Hadde ikkje drøymt om det da konkurransa starta. Akkurat no ligg finalebidraga ute til avstemning. Vi skulle scrappe to LOar kvar. Og "motstandaren" min er ingen ringare enn ruffa!!! *hjeeelp*
Uansett korleis det går, er eg såååå kjempefornøgd og glad for å ha kome så langt!!
:)))))


Tudelidu!

søndag 21. august 2011

Scrapbookexpress' Sommershow

Ja, no går sommaren, og også Scrapbookexpress' Sommershow heilt klart mot slutten. Ute bles og regnar det, og i kveld går fristen ut for å levere bidrag til DT's herlege sommarshow på dei rosa sidene. Hadde planar om å gjere sååå mange av oppgåvene, men det har jo vore heilt stillstans på scrappefronten i mange veker no.
Fekk riktignok laga eit par bidrag medan vi var på ferie i Ulvik, og no i helga har eg jammen meg kosa meg med bilete, papir, ink og skjærebrett!! :)) Så godt!
Helga starta med at min kjære og bofsen for til fjells på garnfiske, og jentene var hjå svigermor. Så fredagskvelden var faktisk heilt min eigen!! :) Den vart nytta til scrapping, film og smågodt! :D
Og når scrappesakene fyrst låg framme, vart det jammen litt både i går kveld og på dagen i dag og! Har faktisk laga tre LO'ar (to er innsendt til konkurransar, så dei får vente litt) og byrja på eit kort! :)

Ja, desse konkurransane... Denne veka starta ei ny konkurranse på Scrapbookexpress: "Scrappeduellen" (synes det er så bra eit namn: "Scrappe du Ellen? Ja, det gjer e!! ;) ). Var fyrst ei oppvarmingsrunde, men den fekk eg ikkje gjort, men den var heldigvis ikkje "obligatorisk". Men før helga kom fyrste ordentlege oppgåva, og den har frist på tysdag. Visste at om eg skulle få tid til ho, måtte eg gjere det i helga. Så, det var vel eigentleg den som fekk meg i gang att! Takk for det!! ;)

Men, attende til Sommershowet. Slik vart mine tre bidrag:
Denne LO'en hadde følgjande kriterie: Bileta skulle vere av natur eller bygningar, det skulle vere med minst to tag'ar og det skulle vere ei ramme av eit eller anna slag der.
Bileta er frå Peterskyrkja i Roma, frå turen mor og eg hadde for tre år sidan. (Herlighet! Tre år?!?!? Kor blir tida av?!?!???)

Her skulle vi lage ein LO eller eit kort ut frå ei skisse. Og eg laga altså denne LO'en av tullene som sitt og kosar seg med kvar si bok.

Til slutt vart det denne "raringen", der oppgåva var å lage ein LO med humor... Ikkje berre enkelt å vite kva andre synes er humor, men eg drog iallefall på glisebandet av denne bølingen med kyr som tok ein titt på bilen vår på setra i sommar. Og tittelen måtte jo berre bli noko med møøø, og da vart det altså Møøøkkabil! ;) Stakkars hurken!! ;)

I ettermiddag baka jentene og eg kjempegode kveitebollar (oppskrift frå Schakenda! Anbefalast!!!), så no har vi kosa oss med nystekte bollar og kakao til kvelds. Joda, hausten har og sine gode sider! ;)

Ha ein fin sundagskveld, og ta vare på kvarandre. Rørande bilete frå nasjonal minnemarkering i Oslo i dag. Kongen si tale fekk fram tårene att. Godt å vere saman med dei kjæraste no.


torsdag 4. august 2011

Origamieske

Juhu!! Endeleg litt papirsyslar att!! :D
Har kost meg med det nyaste Ett trykk, og det var som vanleg proppfullt av inspirasjon! :) Og denne gongen hadde dei ei trinn-for-trinn-forklaring på origamieske med lokk. Og eg berre MÅTTE prøve!! ;)
No var nok papira eg brukte litt for tjukke og stive, men det betyr berre at eg må prøve att seinare og, med tynnare papir...! ;)))

Eg har brukt papirer frå den utruleg nydelege Lantliv-serien frå Maja Design, kvit bazzill, punch frå Martha Steward og ei pyntenål.
Og slik vart altså resultatet:

Etter fleire dagar med både sol og gode temperaturer melder dei no stort sett regn, regn og kanskje litt regn framover... Men det treng ikkje vere berre negativt det..., skal sjå det vert ein tur eller to ned i scrappekroken! ;)

Ha ein fin kveld vidare, og ta vare på kvarandre! <3
Tudelidu!

fredag 29. juli 2011

Ei lang veke...

Dette har vore ei lang, merkeleg og vond veke. Terrorangrepet mot Regjeringskvartalet og massakeren av mange uskyldige ungar og ungdommar på Utøya har snudd landet på hovudet. Ingen har kunne unngått å bli berørt av det som har skjedd, og eg trur dei aller fleste av oss har kjent på ein sorg, uansett om vi kjenner folk som er direkte berørte eller ikkje.
Slik har det iallefall vore for meg. Tanken på dei stakkars menneska som vart råka, på dei pårørande og særleg på dei fleire hundre ungdommane som opplevde helvete på jord sist fredag har vore så inderleg vondt og heilt totalt ufatteleg! Korleis kan ein vaksen mann sjå uskyldige hjelpeslause ungar inn i auga, og med kaldt blod henrette dei?!???? Det verkar inni meg og tårane trillar.

Og midt oppi denne grusomme og uverkelege tida, har eit samhold og ein kjærleik vokse opp i heile landet. Overalt har folk holde hender, gått i tog, lagt ned blomar, halde apellar og vist si medkjensle med dei involverte, og med kjærleik stått opp mot det hatet og dei sinnssjuke forestillingane til monsteret som for ei veke sidan forsøkte å øydelegge ein liten bit av oss alle.
Statsminister Stoltenberg, resten av regjeringa, politi og hjelpemannskapar har gjort ein fantastisk jobb. Eg er rett og slett mektig imponert! Eg kan nok ofte vere ueinig i mykje kanskje spesielt fyrstnemnte seier og gjer, men denne siste veka har Jens Stoltenberg stått fram som den beste leiaren landet Noreg kan be om.

Korleis framtida blir? For oss som var så heldige og ikkje ha kjente som vart råka, som ikkje kjenner nokon som har mista sine kjæraste, så kjem vel kvardagen smått om senn attende til det faste. Små bagatellar vil igjen irritere og provosere, krangling og ukvemsord vil igjen bli kvardagsleg og kva ein skal ha til middag vil igjen bli dagens store bekymring. Men ein ting er heilt sikkert; det vil uansett bli eit Noreg før og etter 22.juli 2011, og vi som opplevde denne dagen, anten på nært hald, via tv-skjermen eller anna media, vi vil aldri gløyme denne dagen, ofra, hatet og det enorme samholdet.

Eg sender mine varmaste tankar til alle ofra og dei pårørande, og lyser fred over minnet til alle dei som så brutalt vart rivne bort.

(bilde funne på nettet)

mandag 4. juli 2011

"Trygt på mammas arm" - lift

Eg har scrappa!!! Yes, det er heilt utruleg; for no har det jammen vore tørke ei stund. "Anledningen" er ei lifterunde inne på dei rosa sidene (scrapbookexpress), der fristen eigentleg gjekk ut den 30. juni. Heldigvis for meg vart fristen utsett til no over helga. Har ikkje hatt tid, lyst eller ork til å scrappe på vekesvis. Men i dag "måtte" eg berre, viss eg skulle få laga noko bidrag til lifterunda. Eg skulle lifte Tamara, ei av dei herlege rosa damene. Fann tidleg ein LO eg ville lifte, så eg begynte eigentleg for fleire veker sidan, men eg fekk berre ikkje dreisen på den LO'en, og alt var stuva vekk. Måtte derfor berre begynne heilt på nytt, og fann og ein ny LO å lifte. Så i dag, når det omsider vart sol og opphalds...., rømte eg altså nedi kjellaren og kosa meg med litt papir, stemplar og ink!


Og dette vart resultatet:



Har brukt ein mørk brun/grøn bazzill bakerst, og kvit bazzill oppå. Mykje ink, restepapirer, mist og nokre stempler. Pynta med roser og eit chipboardhjerte.

No er det opp på setra att! :)
Tudelidu!!